Høringssvar fra Stavanger kommune

Dato: 01.11.2021

Stavanger kommune takkar for moglegheita til å gje innspel på ny forskrift om tilskot til frivilligsentralar.

Stavanger kommune har følgjande innspel til ny forskrift om tilskot til frivilligsentralar:

§ 4: Stavanger kommune meiner at modell 1 er det beste alternativet. Kommunen har dei siste åra prioritert å utvikla frivilligsentralane slik at det nå er ein sentral i kvar kommunedel. Etter utrekning frå KS vil modell 4 som gjer støtte til ein sentral per kommune og dessutan eit tilskot per innbyggjar ramma kommunen med eit inntektstap på 1.1 millionar kroner. Dette vil gjera vidare drift av sentralane utfordrande. Stavanger kommune støttar intensjonen som ligg i modell 4 om å kunne disponera midlane friare, men inntektstapet vil verta så betydeleg at det vil gjera satsinga vanskeleg.

§ 7c: Stavanger kommune vedtok nye retningsliner for frivilligsentralane i Stavanger kommune, 5. mai 2021, UKIS-sak 37/21. Dette skjedde etter ein lengre medverknadsprosess og høyringsrunde. Her var den største endringa at kommunen gjekk vekk frå styre til å heller bruke referansegrupper. Basert på dette vedtaket støttar ikkje Stavanger kommune dette punktet.

Skulle Kulturdepartementet likevel velja å gå for styre ber Stavanger kommune om at det i så tilfelle vert klargjort i retningslinene kva formell rolle og kva fullmakter som skal leggjast til styret og årsmøtet. Ei avklaring vil gjera det lettare for styret å utfylle si rolle som ei støtte for sentralane. I dag er det kommunen som har arbeidsgjevaransvar og økonomiansvar, korleis vil dette verta med eit styre? Stavanger kommune har vedteke å bruke referansegruppe blant anna fordi det gjer terskelen lågare for å delta i utviklinga av sentralen. Denne modellen fører til mindre ressursbruk hjå administrasjonen og gjer drifta mindre byråkratisk. Referansegruppa er ein ressurs for frivilligsentralane, referansegruppa gjer innspel til frivilligsentralen si drift, årsplan og årsrapport. Vidare er det kommunedelsutvalet som vedtek årsplanar og årsrapportar.

§ 14: Stavanger kommune ynskjer at forskrifta trer i kraft frå 1. januar 2023. Dette er for at kommunen skal ha moglegheit til å førebu og omstille seg dersom valt modell for tildeling av tilskot førar til store endringar i tilskot.

Stavanger kommune støttar elles ny forskrift om tilskot til frivilligsentralar