Høringssvar fra Ullensvang kommune samt styre for Odda og Ullensvang Frivilligsentralar

Dato: 11.11.2021

Vi ynskjer at berekning av tilskot til frivilligsentralar skal vere basert på Modell 1 i Høringsnotat, forskrift for tilskudd til frivilligsentraler, av 20.08.21. Dette for å sikre at eksisterande frivilligsentralar framleis kan rekne med tilskot til vidare drift og at denne modellen i stor grad vidarefører tilskotet på same måte som det har fungert tidlegare. Vi er einige med Kulturdepartementet si vurdering at denne modellen vil vere i tråd med Stortinget sitt vedtak nr. 724 i kommuneproposisjonen 2021.

I vurderinga til Kulturdepartementet er det også nemnt om det bør vurderast eit tak på antall sentralar ein kommune kan få tilskot til, basert på innbyggjartal. Vi meiner at det óg må takast omsyn til geografi, kommunen si utstrekning og infrastruktur samt allereie etablerte sentralar før kommunesamanslåinga.

Vi støtter óg opp om Norges Frivilligsentraler sitt høyringssvar.