Høringssvar fra Voss herad

Dato: 12.11.2021

Voss herad ved utval for kultur og næring handsama i møte 10.11.2021 i sak 44/21, høyring på forskrift om tilskot til frivilligsentralar, og vil gje fylgjande innspel på framlegget;

  1. Voss herad støttar modell 4 i framlegget til omlegging av finansieringsordning for frivilligsentralane. Denne modellen ligg tettast på prinsippet om lokalt sjølvstyre. Dette er ein modell som opnar for fleksibel organisering av frivilligsentralane, samtidig som den sikrar dei små kommunane ein sentral, og at tilskotet til ein viss grad harmonerer med talet på innbyggjarar i kommunen.
  2. Andre innspel til høyringa:
    1. Voss herad er samd med departementet i at det er viktig at frivilligsentralen sin rollen som bindeledd mellom kommune og frivillig sektor blir lyfta fram og gjort tydeleg.
    2. Voss herad støttar framlegget om å gå vekk frå kravet om ein 100 % dagleg leiar i kvar sentral.
    3. Voss herad meiner at kravet om eigne vedtekter og styre må formulerast slik at det ikkje hindrar drift av kommunale frivilligsentralar