Høringssvar fra Gloppen kommune

Dato: 12.11.2021

Frivilligsentralane sin funksjon. I høyringsnotatet presiserer kulturdepartementet frivilligsentralane si rolle og trekk særlig fram funksjonen som bindeledd og kontaktpunkt for frivillige aktørar, samt at frivilligsentralane skal vere eit serviceorgan og ikkje ein konkurrent til dei frivillige organisasjonar sine aktivitetar. Dette er i tråd med intensjon Gloppen kommune har for Gloppen frivilligsentral. Det vert lagt stor vekt på at frivilligsentralane skal vere ei støtte og ein samarbeidspart til lag og organisasjonar, samt til einskilde uorganiserte frivillige.
Økonomi. Gloppen kommune støttar modell 1 i utgreiinga av finansieringsmodellar der det vert kravd 40 prosent lokal finansiering basert på tilskot til kvar frivilligsentral. Kommunen støttar at tilskotet vert overført til kommunane med den intensjonen som er utgreia i høyringsnotatet. For å sikre finansieringa av frivilligsentralane er det positivt og naudsynt at tilskotet vert øyremerka. Det er såleis naturleg at kommunane står ansvarleg som søkjar av tilskot og at kommunen er den som rapporterer på tilskotet.
Utlån av lokaler. Intensjonen med gratis utlån av frivilligsentralane sine lokalar er god. Gloppen frivilligsentral ønskjer sjølv å ta stilling til kven dei låner ut til og om ein skal ta betalt eller ikkje. For Gloppen frivilligsentral er det ikkje mykje utleige av lokale. Det er mange lokaler i Gloppen som kan nyttas av frivillige lag og organisasjonar. Per i dag tek frivilligsentralen 200 kr for utleige av lokale.
Lokale løysingar. Det er viktig at det er opning for at lokale frivilligsentralar og kommunar i samarbeid finn gode lokale løysingar. Det innebærer at vi sjølv vurdere organisering. Både med tanke på samarbeid med frivillige lag og organisasjonar, kommunale tenester, og være ein del av eit fagmiljø. Kravet om at det ikkje burde være mindre enn ei 100% stilling er naudsynt.
Krav til frivilligsentralar. Det er beskreve at frivilligsentralane skal ha styre, årsmøte og vedtekter. Det stilles og krav til eige rekneskap, årsrapport og organisasjonsummer. Desse krava ser vi som hensiktsmessige ut frå funksjonen frivilligsentralen har. Gloppen kommune tenker at desse krava ikkje utfordrar moglegheit for å vurdere anna driftsform, om ein i framtida skal vurdere anna driftsløysing.