Høringssvar fra Fjord kommune

Dato: 25.10.2021

Fjord kommune ønskjer at beregning av tilskot til frivilligsentralar skal vere basert på Modell 1 i Høringsnotat, forskrift for tilskudd til frivilligsentraler, 20.08.21. Dette for at eksisterande frivilligsentralar framleis kan rekne med tilskot til vidare drift, samt at denne modellen i stor grad vidarefører tilskotet på same måte som det har fungert tidlegare. Kulturdepartementet si vurdering er også at denne modellen vil vere i tråd med Stortinget sitt vedtak frå 2017.

I vurderinga til Kulturdepartementet er det også nemnt om det bør vurderast eit tak på antal sentralar ein kommune kan få tilskot til, basert på innbyggartal. Fjord kommune meiner at det også må takast omsyn til geografi og kommunen si utstrekking, samt allereie etablerte sentralar før kommunesamanslåinga.

Fjord kommune støtter også opp om Norges Frivilligsentraler sitt utkast til høyringssvar.

Uttalen er vedteke politisk i formannskapet 21. oktober 2021.