Høringssvar fra Universitetet i Bergen

Dato: 30.09.2020

Høyringssvar - Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning og søknad om kvote for underrepresentert kjønn

Universitetet i Bergen (UiB) har ingen merknadar til dei føreslegne endringane i opptaksforskrifta.

Under følgjer søknad om tiltak for underrepresentert kjønn for to program. I teksten går vi gjennom hovudpunkta i søknaden. Heile søknaden med ein meir utfyllande grunngjeving er lasta opp som vedlegg, då den inneheld tabellar og grafar.

Søknad om kvote for underrepresentert kjønn, ref. opptaksforskriftens § 7-9

UiB søker om følgjande:

  • Ein 30 % kvote for underrepresentert kjønn for Medisinstudiet og Integrert masterprogram i odontologi med verknad frå opptaket 2021.
  • Ein eventuell kvote må følgast av eit nedre karakterkrav på 50 konkurransepoeng for søkjarar i førstegangskvoten, og 60 konkurransepoeng for søkjarar i ordinær kvote.
  • Alternativt søker UiB om 0,5 tilleggspoeng for mannlege søkarar til desse programma ved opptaket i 2021.
  • For både kvote og tilleggspoeng, gjeld søknaden ein prøveordning på 3-5 år.

Kort grunngjeving for søknaden:

  • Søknaden om ein slik kvote/tilleggspoeng er grunngjeve med samfunnsmessige og studierelaterte tilhøve.
  • Skeivfordelinga mellom kjønna i utdanningane og yrka er aukande i eit langsiktig perspektiv.
  • Andre rekrutteringstiltak er uttømde eller står utanfor det universiteta har hand om – begge programma har god søking frå begge kjønn, men mannlege søkarar når i mindre grad opp i konkurransen.
  • Ei ordning med eitt eller to tilleggspoeng vil ikkje være tenleg, då marginane i søkarmassen er for små, og vi risikerer å ta opp for mange menn. Basert på simuleringar (sjå under) viser vi at 0,5 tilleggspoeng ville ha vore eit nyttig tiltak ved opptaket i 2020.
  • Tiltaka er naudsynte for å hindre ytterlegare skeivfordeling i studieprogramma og profesjonane. Ein kvote/tilleggspoeng vil oppretthalde dagens situasjon og hindre sterkare skeivfordeling.

Vedlegg