Høringssvar fra Universitetet i Agder

Dato: 30.09.2020

Høyringssvar til forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning

Vi viser til høyringsbrev frå Kunnskapsdepartementet av 30. juni 2020 med forslag til endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning.

Universitetet i Agder (UiA) har merknadar til endringsforslaga i § 4-11 og § 6-6.

§ 4-11 Desentralisert utdanning og deltidsutdanning

Desentralisert utdanning vil normalt være studietilbod som spesielt skal ivareta studentar som av ulike årsaker har avgrensa mobilitet. Avgrensa mobilitet kan skuldast jobbtilknyting eller familiesituasjon og medfører at studiar på campus ikkje er eit reelt alternativ.

Fleire regionar i distrikta i Agder opplever utfordringar knytt til levekår og arbeidsmarkedsdeltakelse, og det kan være utfordrande å rekruttere faglært kompetanse til barnehage, skule og helsesektoren. Desentraliserte studietilbod er eit verkemiddel for å utdanne kompetent arbeidskraft i distrikta og for å møte ulike levekårsutfordringar som i nokon grad kan være sterkare i distrikta enn i byane.

UiA ønskjer å kunne tilby desentralisert utdanning også som eit heiltidstilbod i distrikta og ønskjer samstundes å stille krav om geografisk nærleik til studiestaden for å sikre utdanning og rekruttering frå lokalmiljøet.

UiA ser at det kan være gode grunnar for å avgrense moglegheita for geografisk tilknyting med tanke på open konkurranse om studieplassane. Likevel meiner UiA at moglegheita for geografisk tilknyting som kriterium for opptak til desentraliserte studietilbod, bør gjelde både for studiar på deltid og heiltid. Dette vil gi institusjonane fleksibilitet til å finne den beste studiemodellen i kvart tilfelle, i samarbeid med regionen der utdanninga skal bli tilbydd.

Dei utdanningane som oftast blir tilbydd desentralisert, er profesjonsutdanningar som fører fram til yrker som i dag er kvinnedominerte, til dømes sjukepleie. Dersom geografisk nærleik berre skal kunne krevjast for studium som blir tilbydde på deltid, vil det kunne medføre at menn ikkje vil finne den desentraliserte utdanninga aktuell, og at reglane bidrar til å oppretthalde eit kjønnsdelt arbeidsmarknad som ein ikkje ønskjer. Sjølv om nokre studietilbod vil ha ei målgruppe som i hovudsak er i arbeid eller som av andre grunner ønskjer eit deltidstilbod, vil dette ikkje alltid være tilfelle. I tillegg vil tvungen deltidstilbod forsinke fullføring for disse studentane og medføre at det tar lengre tid å uteksaminere ferdige kandidatar som kan gi tiltrengt kompetanse i distrikta.

På bakgrunn av framstillinga ovanfor, vil UiA fremme følgjande alternativ tekst til § 4-11:

§ 4-11 Desentralisert utdanning og deltidsutdanning

(1) For opptak til desentralisert utdanning på heiltid og deltid eller annen deltidsutdanning, kan institusjonane fastsette spesielle opptakskrav i form av relevant yrkeserfaring. Det kan stillast krav om inntil 5 års yrkeserfaring. Dersom det blir stilt krav om dette, skal minimum 2 år utgjere relevant yrkeserfaring. For opptak til deltidsutdanning kan institusjonane fastsette krav om arbeidstilknyting i studietida.

(2) For desentralisert utdanning på heiltid og deltid kan det stillast krav om geografisk tilknyting til utdanningsstaden.

§ 6-6 Følgjer av at politiattest ikkje blir lagd fram

UiA støtter ikkje forslag til endring i § 6-6 og er kritisk til at studentar som ikkje har levert politiattest skal få åtgang til praksis. UiA er redd for at forslag til tillegg i § 6-6 skal gjere det lettare for institusjonar å la studentar gå ut i praksis utan at politiattest er lagd fram.

Med vennleg helsing

Sunniva Whittaker

Rektor

Greta Hilding

Studiedirektør