Høringssvar fra Fagforbundet

Dato: 29.09.2020

Høyring Forskrift om opptak til høgre utdanning for opptaksåret 2021-2022

Forskrift om rammeplan for paramedisin tredde i kraft 1. januar 2020. I arbeidet med nasjonale retningslinjer for utdanninga uttrykte programgruppa ynskje om å opne for at søkjarar med relevant fagbrev skal få unntak frå kravet om generell studiekompetanse. Fagforbundet er svært positive til at det no blir lagt til rette for at kandidatar med relevant fagbrev kan søkje seg til spesielt tilrettelagt studie i paramedisin ved endringa i forskrift. Vi støttar difor endringa i § 3-11 Unntak fra kravet om generell studiekompetanse for opptak til spesielt tilrettelagt paramedisin.

Fagforbundet var allereie i arbeidet med å utvikle bachelorutdanninga i paramedisin tydelege på at ambulansefagarbeideren skal være yrkeskategorien som utgjer grunnmuren i ambulansetenesta. I den sammenheng uttrykte vi at det burde utviklast ein y-veg inn i bachelorstudiet, slik at ambulansefagarbeidarar kan ta studiet som ei videreutdanning utan å gå vegen om studiekompetanse. Det er positivt at dette no blir fulgt opp, og ei viktig annerkjenning av fagarbeidaren sin kompetanse.

Det er vidare viktig at det tilretteleggjast for at ambulansefagarbeidarar kan vidareutdanne seg i kombinasjon med jobb. Realkompetanse og praksis må vurderast, og avkorting i utdanninga må tilretteleggjast for. Samtidig må ein sjå på løysingar for forkorting av løp, eller konverteringsløp for dei med Nasjonal paramedic-utdanning. Fagforbundet vil fylgje den vidare prosessen tett.

Vi stiller oss for øvrig undrande til at partane i arbeidslivet ikkje står på høyringslista, og ber om at denne blir oppdatert.