Høringssvar fra Skolenes landsforbund

Dato: 10.08.2020

Høyringssvar – forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning

Skolenes landsforbund takkar for moglegheita for å svare på høyringa om endring i forskrift om opptak til høgre utdanning. Då opptaket til høgre utdanning 2020/2021 har blitt noko annleis enn tidlegare år, ønskjer vi å understreke at vi er motiverte for å samarbeide med å finne gode løysingar som fungerer for alle i sektoren både no og seinare.

Mykje i høyringsbrevet gjeld utdanningar utanfor våre område, og difor har vi latt vere å svare på dei. I staden ønskjer vi å uttale oss kring forslaga om endra krav til politiattest.

Skolenes landsforbund har høg forståing for at koronautbrotet har skapt ein situasjon der politiet har mindre kapasitet med deira reduserte bemanning. Likevel har vi trua på at det er mogleg å oppretthalde krava om politiattest på dei to til tre månadene som går mellom tilbod til studentane om opptak til utdanning i juni, til dei første praksisperiodane og klinisk undervisning.

Å sikre at alle studentar som skal ut i praksis eller klinisk undervisning har ein plettfri vandel kring dei relevante områda, ser vi i Skolenes landsforbund på som heilt essensielt. Dette er ikkje berre for å sikre dei mindreårige og dei potensielt sårbare gruppene, men også for å gje studentane ein meir føreseieleg kvardag og å sikre gode arbeidstakarar for framtida. Det nyttar ikkje å tillate at studentar får opptak til studium dei uansett ikkje kan gjennomføre, og då er det betre å la dei falle frå så tidleg som mogleg, helst før studiestart. Er det ikkje noko gale på politiattesten, bør det i staden sendast ut endå klarare meldingar til studentane det gjeld, om at dei må søkje i god tid då politiattest kan ta tid, og dei ikkje vil få praksisperiodane sine om dei ikkje leverer. Eit anna alternativ kan vere å gje dei studentane som leverer for seint, høve til å ha «konte-praksis» med nye studentar neste semester. Studentar som treng oppdaterte politiattestar undervegs i studiet, vil ha høve til å planleggje dette, og kan søkje i tide.

I høyringa vert det skrive at endringa vil vere i andre ledd, med krav om at studiestadane må varsle praksisstadane om studentane ikkje har lagt fram politiattest. Skolenes landsforbund stiller seg undrande kring korleis dette vil bli gjennomført i praksis. Vil det vere opp til dei enkelte praksisstadane, for eksempel skulane, om studentane får gjennomføre praksis hos dei? Korleis skal leiinga på praksisstadene stelle seg til det? Det er ikkje ønskjeleg at praksisstadane skal måtte utøve mykje kontroll, då dette vil vere både tid- og ressurskrevjande for dei. Allereie no slit universiteta og høgskulane med å sikre nok praksisplassar, og då er det ikkje nokon god idé å gje dei praksisstadane dei allereie har, endå fleire oppgåver.

For å summere opp, ser ikkje Skolenes landsforbund problemet som stort nok til at det er noko å risikere mindreårige og sårbare grupper for, og håper difor at departementet lar forskrifta § 6 stå slik ho no står.

Med vennleg helsing,

Runa Næss Thomassen,

Prosjektsekretær Skolenes landsforbund