Høringssvar fra Norsk Fruktpakkeri

Dato: 17.11.2021

Høyringsnotat – Forskrift om tilskot til fellesanlegg frukt

Norske Fruktpakkeri er ein nasjonal interesseorganisasjon for følgjande fruktpakkeri:

Fellespakkeriet i Lier

Hardanger Fjordfrukt

Innvik Fruktlager

Nå Fruktlager

Ryfylkefrukt

Sogn Frukt og Grønt

Telefrukt

Ullensvang Fruktlager

Fruktlagerinspektør Leif Øie, frå GrøntProdusentenes Samarbeidsråd (GPS), er sekretær for Norske Fruktpakkeri.

Norske Fruktpakkeri har følgjande innspel til høyringa:

#1 Lagring Det er føreslege å utelate lagring frå føremålsparagrafen. Dette er me ikkje einige i. Lagring, sortering, pakking og omsetnad av norskprodusert frukt er dei aktivitetane fruktpakkeria utfører. Lagring er ein viktig del av dette, og det vil bli enno viktigare i tida som kjem, når det no er planar om å utvide norsk sesong. Det stiller større krav til lagringsteknologi og lagringskompetanse, og vil bli svært sentralt framover. God lagring sikrar god kvalitet, og vil gje norsk frukt styrka konkurransekraft.

#2 Leigepakking Me har ein desentralisert pakkeristruktur med fleire mindre pakkeri som ikkje nødvendigvis er dimensjonerte for å ta unna store sesongtoppar i gode år. Det er difor viktig med incentivordningar som ikkje motverkar flytting av volum mellom pakkeri. Me tykkjer at det er litt uklart formulert kven som skal ha fruktlagertilskotet ved leigepakking. Det er viktig å presisere at dei som har motteke frukta, og som skal omsetje den, også får fruktlagertilskotet, sjølv om frukta er pakka på eit anna pakkeri. Det kan hende det er det de meiner med at «Leiepakket frukt inngår i tilskuddet til det foretaket som har hatt kostnaden med pakkingen», men det er fint om dette kan presiserast tydelegare, eller i alle fall stadfestast at dette er rett oppfatta.

Dersom eit pakkeri kjøper frukt frå eit anna pakkeri bør det vere pakkeriet som kjøper frukta som tek den med i grunnlaget for tilskot.

HBM/2021-11-1

Vedlegg