Høringssvar fra Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

Høyringsfråsegn frå Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa om Forskrift om rammeplan for samisk grunnskolelærerutdanning for trinn 1-7 og 5-10

Dato: 28.06.2016

Svartype: Med merknad

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa har som mandat å styrkje nynorskopplæringa, og høyringsfråsegna vår vil derfor i hovudsak kommentere Forskrift om rammeplan for samisk grunnskolelærerutdanning for trinn 1-7 og 5-10 med utgangspunkt i dette mandatet.

Vi tar utgangspunkt i to overordna poeng:
1) Omgrepet «norsk» må presiserast der det er uklart om det betyr enten nynorsk eller bokmål eller nynorsk og bokmål.
2) Studentar som stettar vilkåra for fritak for kompetansekravet i ei av målformene må få tilbod om opplæring/forkurs i den aktuelle målforma, slik at utdanninga deira også i praksis blir «likeverdig med den nasjonale», ikkje berre på papiret.

Utfyllande merknader

§1.3 «Den samiske grunnskoleutdanninga er likeverdig med den nasjonale». Nynorsksenteret er sjølvsagt samd i denne paragrafen. Men dette tyder at ein kandidat med samisk lærar­utdanning er kvalifisert for å kunne arbeide i heile landet, både i skolar med nynorsk som hovudmål og bokmål som hovudmål. Spørsmålet blir då korleis ein sikrar at desse kandidatane har naudsynte kunnskapar og ferdigheiter i norsk språk, både nynorsk og bokmål. Det er difor viktig at lærarutdanningane har eit tilbod til dei samiske studentane om få å kvalifisere seg nynorsk skriftspråk, slik at dei reint faktisk kan vere lærarar for alle elevar i heile 

§ 2 Under generell kompetanse står det: «behersker samisk og norsk muntlig og skriftlig, og kan bruke språket på en kvalifisert måte i profesjonssammenheng». I dei norske ramme­planane er det presisert at norsk tyder både bokmål og nynorsk, men her er det inga slik presisering. Dersom det ikkje skal stå både bokmål og nynorsk, bør det vel stå enten bokmål eller nynorsk. Vi veit at så godt som alle som har samisk som førstespråk eller andrespråk bruker bokmål, men studentane bør, som vi har nemnt over, få høve til å lære seg nynorsk.

§ 6.1 Dersom ein student skal få fritak for fag i lærarutdanninga synest det underleg at det står at «studenten BØR (vår utheving) også kunne dokumentere samiskspråklig kompetanse i faget». Her synest vi det bør stå MÅ, sidan det her dreier seg om ei samisk lærarutdanning.

§ 6.2 Vi reknar med at det er ei feilskriving når det i GLU 1-7 blir vist til eit obligatorisk norskfag i fritaksreglane. For samiske studentar er det samisk som er obligatorisk fag saman med matematikk. Vi reknar med at dei same fritaksordningane vil gjelde for samiskspråklege studentar som for utanlandske studentar som har morsmålet sitt som ein del av utdanninga, men dette må presiserast særskilt. Samiske studentar er ikkje utanlandske.

§ 6.2 Det er viktig at studentar i GLU 5-10 som har norsk i fagkrinsen ikkje kan fritakast for ei av målformene, heller ikkje om ein er samiskspråkleg.