Høringssvar fra Tora Systad Tyssen
Takk for høvet til å kome med innspel. Som norsk borgar busett i utlandet vil eg gjerne kome med dette innspelet til korleis forskrifta kan verte betre og sikre betre karantenetilhøve utan at det går på kostnad av tryggleiken.
Forslag:
Dersom ein kan dokumentere, på same måte som arbeidstakarar kan dokumentere på vegne av utanlandsk arbeidskraft, at ein har ein akseptabel/passande stad å vere i karantene bør ein kunne sleppe karantenehotell.
Altså at dersom ein har tilgong til tomt husvære/fritidsbustad i Noreg kor ein kan vere i karantene utan å vere i kontakt med andre/utsette andre for smitterisiko, så kan ein sleppe karantenehotell.
Vi er ein familie på tre norske statsborgarar busett i København. Vi er sjølvsagt opptekne av å gjennomføre karantene på ein god måte. Det verste som kan skje for oss er at vi tek med oss smitte heim til familien i Noreg. Vi har tilgong på fritidsbustad i Noreg kor vi heilt isolert frå andre kan gjennomføre karantene, det verkar difor merkeleg at vi skal måtte på karantenehotell. Og sidan den minste av oss er 11 mnd gamal er ikkje karantenehotell gjennomførbart. Å skulle ta av stad ein plass i ti dagar med ein baby utan å vite på førehand at maten dei serverer er noko ho kan ete, at det er ein liten stad å leike, ein plass ute vi kan ta ho med for å få litt luft og leik i trygge omgjevnadar eller i det minste eit kjøleskap kor vi kan oppbevare medbrakt mat, er heilt uaktuelt.
Dette handlar ikkje om å sleppe karantene, det handlar om å kunne ha karantene på ein stad som faktisk er mogleg å vere ti dagar for ein småbarnsfamilie/andre som ikkje har høve til å vere på karantenehotell.