Høringssvar fra Person som ikke har oppgitt navn

Referanse: 260218

Dato: 27.11.2020

Det er sårande å sjå politikarar stå på talarstolen og stolt informere om at : "No kjem det få til landet. Det er bra" Få til landet ja, men bak desse tala eit det tusenvis av mennesker som ikkje har sett sine kjæraste på snart eit år.

For min del sit kjærasten min på karantenehotell akkurat no- det blir ikkje julegåver i år. Dette er sjølvsagt ikkje det største problemet å ha. Heldig er eg at han kan vera her lenge. Men enkelte har kun rett på 10 dagar fri frå sine jobbar. Kva med dei?

På ei pressekonferanse vert det snakka om psykisk helse, på neste om karantenehotell. Med mange unntak. Men det råkar oss-oss med våre kjæraste i utlandet. Den psykiske helsa blør!

Ein snakkar om importsmitte- men tiltaka misser sitt truverd når ein ikkje kan vise til statistikk om familiane våre.

Mitt forslag er meir testing. Her snakka myndighetene om ressursar og at det blir omfattande å innføre. Det som er omfattande for oss er at det blir 5000 kr som vi ikkje har. 10 dagar vi ikkje har. Det som er omfattande er at så mange av oss har eit djupt sakn etter våre. Og medan folket i landet slit, så slit vi enno meir.