Forsiden

Høringssvar fra Statsforvaltaren i Vestland

Dato: 13.10.2021

Vi viser til forslag om endring i forskrift 19. januar 2009 nr. 77 om rett til å arbeide som dyrehelsepersonell eller seminpersonell etter EØS-avtalen, og endring i forskrift 27. mai 2003 nr. 657 om dyrepleiarar for betre nyttiggjering av kompetanse frå tredjeland.

Forslaget vert fremja for å legge til rette for at personar som har kompetanse som dyrehelsepersonell og seminpersonell frå tredjeland i større grad skal kunne bruke sine kvalifikasjonar innan dyrehelsetenesta i Norge.

I Vestland er det utfordrande å rekruttere veterinærar generelt, og spesielt vanskeleg å få tak i veterinærar som ynskjer å jobbe med vanlege husdyr i landbruket (produksjonsdyr).

Lågare dyretal, meir konsentrerte produksjonsområde som gjev lengre avstand mellom gardsbruka, gjer det utfordrande å ha nok inntening til tilstrekkeleg tal veterinærpraksisar. Det er i einskilde område stor gjennomtrekk av veterinærar og det er vanskar med å få til ei stabil teneste.

Vi ser også at det er ei aukande utfordring med spesialisering hos veterinærane i tettbygde strøk som gjer at det er vanskar med å få veterinærar til å arbeide både med produksjonsdyr og kjæledyr, sjølv om den samla marknaden for dyrevelferdstenester totalt ser ut til å vere på plass.

Alle tiltak som kan styrke tilgangen på kvalifisert dyrehelsepersonell vil vere viktig, og vi er difor positive til dei føreslegne endringane.