Høringssvar fra Norsk Målungdom

Dato: 15.11.2021

Norsk Målungdom (NMU) organiserer ungdom frå heile Noreg i arbeidet for at alle skal ha høve og rett til å skrive nynorsk, og for å fremje nynorsk, dialektbruk og språkleg mangfald på alle samfunnsområde. Vi er glade for høvet til å komme med innspel til høyringa om endringar i språkreglane i samelova.

NMU gler seg over at tida no er komen for å oppdatere språkreglane i samelova. Offentlege strukturar har endra seg, og situasjonen for samiske språk er i stadig endring. Det er viktig at det er på plass eit moderne lovverk som sikrar revitalisering av dei samiske språka og legg til rette for ei utvikling av samisk i samfunnet.

Vi er positive til framlegget om nye kommunekategoriar, og meiner også det er riktig at ein vel namnet språkutviklingskommune i staden for språkbevaringskommune. At ein lagar ein kategori for bykommunar med særleg ansvar for samiske språk , ser vi også på som positivt. For å styrke språkrettane til samiskspråklege må lova delegere ansvaret for dei samiske språka på ein god måte. Det er viktig at bykommunar med særleg samisk tilknyting får delegert eit særskilt ansvar. Difor ser vi på det som positivt at ein lagar ein kategori med bykommunar med særleg ansvar for samisk språk.. Når ein endrar på kommunekategoriane, er det viktig at det ikkje gjer at somme endar opp med færre språklege rettar. Eit mål må vere at fleire samiskspråklege er med i forvaltningsområdet, og dette på ein måte slik at ingen språklege rettar blir svekt på vegen.

Det er også viktig at både kommunar, Sametinget og staten kan ta initiativ til å melde ein kommune inn i forvaltingsområdet. I dagens samfunn ser vi framleis sterke spor av den systematiske undertrykkinga av samiske språk. Eit lovverk må ta omsyn til denne fortida, og difor gi dei samiske språka den støtta som er naudsynt for å rette opp feila etter norsk kolonialisme.

Norsk Målungdom synest det er gledeleg at det er føreslått ei informasjonsplikt frå det offentlege. At det skal vere opplyst at ein kan nytte samisk, gjer kvardagen som samiskspråkleg enklare, og det kan vere med på å heve statusen til språka. Norsk Målungdom er samde med Samisk språkutvalg om at samiskkunnskapar skal gi fortrinnsrett i tilsettingar i offentlege organ som dekkjer språkutviklingskommunar, og der kommunikasjon på samisk er viktig. Dette er viktig i seg sjølv, og er med på ei statusheving. Samstundes må framleis tilsette få rett til permisjon til å lære seg samisk. Vi treng fleire og fleire med samiskkunnskapar for at språka skal kunne vere fullt ut samfunnsberande språk.

Norsk Målungdom er også positive til overordna planar for språk i kommunane. I nynorskkommunar og språknøytrale kommunar er opplevinga at slike planar er med på å bevisstgjere ein større del av kommunen om språkansvaret. Det gir også kommunen eit eigarskap til språket. Spesielt i utviklinga av planen.