Høringssvar fra Norske Landbrukstenester

Dato: 19.10.2022

Viser til høyring om "Forslag til endinger i arbeidsmiljøloven og statsansatteloven mv. for å sikre arbeidestakere tydelige og mer forutsigbare arbeidsvilkår" med svarfrist 20. oktober.

Norske Landbrukstenester (NLT) vart starta i 1991. Det er ein sjølvfinansiert medlemsorganisasjon for avløysarlaga og landbrukstenestene i Noreg. NLT si hovudoppgåve er å arbeida for at medlemslaga skal kunne tilby bøndene tenester av høg kvalitet. Først og fremst for å dekkje behovet for kvalifisert arbeidskraft.

I departement sine vurderingar til Artikkel 4 - Opplysningsplikt, i høyringa sitt kapitel 5, er det på side 16 og 26 føreslege to nye underpunkt til § 14-6;

n) innleiers identitet, dersom arbeidstaker leies ut fra bemanningsforetak. Opplysningen skal gis så snart innleiers identitet er kjent.

p) ytelser i regi av arbeidsgiver i forbindelse med sykdom, svangerskap, fødsel og adopsjon, yrkesskade og yrkessykdom, pensjon, alderdom, uførhet, arbeidsledighet og til etterlatte, samt navn på institusjoner som mottar innbetalinger fra arbeidsgiver i denne forbindelse.

I tillegg så er det til § 14-8 foreslått ei endring i tidsfrist;

Endringer i arbeidsforholdet som nevnt i §§ 14-6 og 14-7 skal tas inn i arbeidsavtalen tidligst mulig og senest den dagen endringen trer i kraft.

Slik vi ser dette vil det føre til ein del utfordringar for avløysarlag/landbrukstenester og andre som tilbyr liknande tenester. Majoriteten av dei tilsette er utleid hos ulike bønder. Ein landbruksvikar kan i utgangspunktet arbeide hos alle bønder som er medlem av avløysarlaget/landbrukstenesten. Sett i forhold til punkt n) så skal det da skrives ein ny arbeidsavtale for kvart oppdrag. For eit bemanningsbyrå med mange tilsette vil dette vera arbeidskrevande.

På same måte vil krav i punkt p) vera ei stor arbeidsbyrde om arbeidsgjevar må endre alle arbeidsavtaler kvar gong ein endrar forsikringsselskap for yrkesskade eller pensjon. Dette kan og i ytterste konsekvens avgrense konkurransen i forsikringsmarkedet.

Mvh

Frode Alfarnes
Dagleg leiar