Høringssvar fra Kvinnherad kommune

Dato: 02.03.2022

4.2:

Bør det nyttast krav om teieplikt til innhaldet i dokumentasjonen?

Bør det gjerast avgrensingar i bruken av opplysningane i samband med plikt til å dokumentere behovet for deltid?

Bør det gjerast avgrensingar i bruken av opplysningar ved drøfting av spørsmålet med tillitsvalde?

Dersom dokumentasjon eller drøftingar inneheld informasjon som er sensitiv, bør det nyttast eit krav om teieplikt etter same mønster som aml. § 14-12 b femte ledd. Kommunen kan sjå klare parallellar til den nye lovregelen og den nemnde § 14-12 b. Det er dei same personvernomsyna som bør ivaretakast i begge tilfella.

5.2:

Innspel til kor vidt aml. § 14-3 tredje ledd vil vere praktisk i samband med forslaget om nytt andre ledd - som vil omhandla førerett til ekstravakter og liknande.

Ved ny tilsetjing og tilsetjing i lengre vikariat vil arbeidsgjevar som regel ha meir tid på seg til å gjennomføre ein større og grundigare tilsettingsprosess. Sjølv om det kan diskuterast om reglane i dag er for omfattande eller ikkje, så er desse no så innarbeida i prosessane kommunane nyttar, at dei har blitt ein naturleg del av tilsetjingsprosessen.

Det same kan ikkje seiast når det gjeld ein ny regel om førerett for ekstravakter og liknande. Behov for ekstravakter skjer normalt på kort varsel og arbeidsgjevar kan ikkje sjå at ei slik drøftingsplikt vil medføre betre rettssikkerheit for den deltidstilsette i desse tilfella. Så lenge arbeidsgjevar er pliktig til å vurdere alle deltidstilsette som kan ha førerett etter den nye regelen andre ledd, så vil omsynet til drøftingsregelen måtta vike for arbeidsgjevar sine behov for skaffe vikar raskt og effektivt utan å måtte gjennomføre ulike drøftingsmøte i forkant. Kommunen ser tre alternative løysingar for å tilpasse § 14 til nytt regelverk.

1. Leggje til nytt ledd etter det som er tenkt vil bli nytt fjerde ledd, der det vert presisert unntak for drøftingsplikta for det nye fjerde ledd.

2. Leggje til same presiseringa i det nye fjerde leddet som nemnd i alternativ 1, på den måten unngår ein å tilføre eit nytt ledd.

3. La det nye fjerde leddet bli ståande som dagens tredje ledd, men gjennom lovforarbeide eller rettspraksis leggje lista lågare for kva som «..innebærer vesentlige ulemper for virksomheten» i dei tilfella som nytt fjerde ledd er tenkt å dekkje.

Kommunen er noko usikker på kva alternativ som vil vera best, men alternativ 2 og 3 synest betre enn alternativ 1.

5.3:

Innspel til problemstillingar rundt mellombels deltidstilsette sett i lys av forbodet om å diskriminere mellombels tilsette.

Kommunen ser ingen gode argument for å gjere skilnad på fast deltidstilsette og mellombels deltidstilsette når det kjem til forslag om ny § 14-3 andre ledd, som gjeld førerett til ekstravakter og liknande. Kommunen ser heller ikkje behovet for å styrkje føreretten til mellombels deltidstilsette slik lova vert praktisert i dag. Dersom dagens lovverk ikkje bryt med det «nye» diskrimineringslovverket, så er det ikkje gode argument for å endre på dagens praksis som gjeld tanken på å fjerne differensieringa om retten til fast tilsetjing, slik det går fram av tidlegare lovforarbeid, Tvisteløysningsnemnda og underrettspraksis etter gjeldande lov.

Meininga med den nye lovgivinga slik vi tolkar det i vår kommune, er ikkje å endre rettspraksis på nemnde felt. Det bør som tidlegare vere ein fast deltidsstilling i botnen for å kunne hevde førerett etter regelen sitt første ledd. Det som skil denne situasjonen frå ekstravakter og liknande er ideen om at det må stillast høgare krav om auka tilhøyrigheit til arbeidsgjevar når det gjeld førerett til fast tilsetjing enn ved oppdekking av ekstravakter og liknande. Det er naturleg å sjå på oppbygginga av føreretten i lovverket og spesielt til aml. § 14-9 som nettopp drar linene for når ein mellombels tilsett har rett på fast tilsetjing.

Det blir kunstig at ein mellombels deltidstilsett skal få betre rettar gjennom ny lovgjeving i ein anna regel enn den regelen som normalt bør regulere føreretten for mellombels tilsette. Dersom arbeidsgjevar sitt ynskje til lovgjevar er å styrkje retten til dei mellombels tilsette, så bør dette gjerast ved ei revidering av § 14-9 og ikkje gjennom endring i § 14-3. Sjølv om problematikken rundt fast og mellombels tilsetjing er tett knytt til tema om heil- og deltid, er det likevel to ulike problemstillingar. Kommune har tolka lovendringa som er på høyring i denne omgang er meint å omfatte problemstillinga heil og deltid.

6.1

Generelt om konsekvensar av forslaga til endring i arbeidsmiljølova om heiltid og deltid.

Kommunen kan ikkje sjå at dette vil medføre dei store endringane i forhold til dagens praksis. Slik lovendringane ligg føre i høyringsnotatet er det ikkje vesentleg annleis enn det kommunane praktiserer gjennom Hovudtariffavtalen (HTA), spesielt i høve HTA kapittel 1 § 2.3.1. Slik kommunen tolkar lovforslaget er dette berre å sjå på som ei kodifisering (gjera uskrivne reglar til lov) av alt gjeldande praksis i kommunesektoren og KS sitt tariffområde. At praksisen blir lovfesta vil difor ikkje få store konsekvensar for organisasjonen Kvinnherad kommune. Det må likevel poengterast at det er viktig at lovverket ikkje fører til utilsikta konsekvensar. Mellom anna er det viktig at temaet som vert teke opp i høyringsnotatet punkt 4.3 blir avklara på ein tydeleg måte. Det blir svært uheldig dersom «dokumentasjons- og drøftingsplikt er å betrakte som preseptoriske saksbehandlingsregler», som skal tolkast i retning av at brot på regelen vil medføre reversering av ei eventuell tilsetjing. Kommunen vil for ordens skuld nemne at vi tolkar det som står under nemnde punkt, som at regelen skal være ein ordensregel og difor ikkje vil medføre rett til stilling ved eit eventuelt brot på regelen.

Kommunen er også av den oppfatning at Arbeidstilsynet si rolle på dette området må vere meir på eit rettleiarnivå enn kontrollnivå. Dette vil også vere meir i tråd med tillitsreforma og haldningane til auka partsamarbeid. Slik kommunen praktiserer tariffavtalen er det låg terskel for å setje tilsetjingsprosessen på vent dersom tillitsvalde meiner kommunen som arbeidsgjevar har forsømt drøftingsplikta etter HTA. Kommunen ser difor ikkje behov for meir kontroll og byråkratisering av ein prosess som allereie er godt innarbeida i KS sitt tariffområde. Haldningsendring bør i størst mogleg grad gjennomførast med andre verktøy enn rigide lovverk, tilsyn og kontroll.