Høringssvar fra Regionrådet for Hallingdal

Dato: 08.04.2022

høyring om endring i arbeidsmiljølova

Regionrådet for Hallingdal støttar regjeringa sin intensjon om eit tryggare og meir seriøst arbeidsliv, der faste tilsettingar er hovudregelen. Regionrådet støttar også tiltak for å få bort dei useriøse aktørane i arbeidslivet, og meiner dette kan gjerast ved å innføre ei godkjenningsordning eller ein prekvalifisering av firma som leiger ut folk til byggebransjen. Eit anna tiltak er å styrke dei allereie eksisterande seriøsitetsreglar for byggebransjen og handhevinga av desse.

Regionrådet for Hallingdal ønskjer ikkje ein eit totalforbod mot innleige av arbeidskraft frå bemanningsforetak i Oslo, Viken og Vestfold. Det er to årsaker til dette:

· Dei bedriftene som er relevante i denne saka, har eit stort behov for fleksibilitet for å klare å handtere ei svært varierande oppdragsmengde. I Hallingdal er oppdragsmengda både konjunkturavhengig og sesongavhengig. I tillegg er bransjen basert på anbod og difor vil ein i periodar ha mange oppdrag, mens ein i periodar vil ha mindre å gjera. Det dreier seg stort sett om lokale bedrifter som konkurrerer om å vinne anbod på relativt store prosjekt, både privat og offentleg, samt underleverandørar på til dømes elektro eller VVS. Dette er firma som har ei fast grunnbemanning, og som kan delta i store, lokale anbodsrundar fordi det er mogeleg å auke bemanninga ved å leige ekstra mannskap frå bemanningsbyrå. Om dette lovforslaget blir vedtatt vil byggenæringa miste den fleksibiliteten som ein har i dag, og lokale entreprenørar vil ikkje vera i stand til å delta i større lokale anbodskonkurransar. Dette vil råke byggenæringa i Hallingdal, den regionen i Viken med den lågaste veksten i næringslivet, og vera konkurransevridande. Dette kan ikkje vera intensjonen i forslaget.

· Oslo, Viken og Hallingdal er ikkje ein geografisk arbeidsregion, og Hallingdal har ikkje dei same utfordringane knytt til byggebransjen som Oslo og sentrale Viken. Ulike utfordringar krev ulike tiltak og ein bør ikkje innføre tiltak som baserar seg på kva fylke ein høyrer til. Det er ikkje noko som tyder på at byggebransjen i Hallingdal er meir seriøse eller useriøse enn den er i resten av landet.