Høringssvar fra Time kommune
Høyringsuttale frå Time kommune:
1. Barnehagemiljø
Rådmannen i Time kommune støttar forslaget om at ein sikrar retten til eit trygt og godt barnehagemiljø gjennom lovkrav. Det vil gje ei tydelig retning for barnehagene, og vera ei god rettesnor til å laga gode rutinar og system for dette viktige arbeidet. Rådmannen har i tillegg følgjande kommentarar til forslaget:
· I lovforslaget er paragraf 20 formulert slik: Nulltoleranse og plikt til fremmende og forebyggende arbeid. Time kommune tykkjer det er bra at mobbebegrepet ikkje er tatt inn i sjølve lovformuleringa, men at det er med i utdyping av teksten på lik linje med andre eksempel på krenkingar (nulltoleranse mot krenkingar som utestenging, mobbing, vold, diskriminering og trakassering).
· Departementet foreslår å ikkje innføra ein individuell rett med enkeltvedtak og klagesystem, og det er rådmannen einig i. I tillegg til at det kan vera utfordrande for barnehagar som ikkje er kjent med å fatta enkeltvedtak på andre regelverksområder, er det óg utfordrande at ein ved enkeltvedtak slår fast at det har foregått mobbing. Mobbing kan vera vanskelig å bedømma i forhold til barn i barnehagealder. Ei tilnærming som legger stor vekt på håndheving i enkeltsaker kan óg medføra at det tar tid og fokus vekk frå barnehagens forbyggjande og gruppeorienterte arbeid.
· Departementet foreslår i staden at det vert innført ei aktivitetsplikt som skal sikra at barnehagen handlar raskt og rett når eit barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø. Aktivitetsplikta skal bestå av spesifikke handlingsplikter med delplikter. Det forslås i tillegg ei skjerpa aktivitetsplikt dersom ein tilsett krenker eit barn. Rådmannen er einig i forslaget om aktivitetsplikt med tydelege delplikter som skissert i lovforslaget. Tydelige delplikter for systematisk arbeid med internkontroll for barnehagane vil óg gjera det enklare for tilsynsmyndigheita å driva tilsyn.
· Departementet seier at det ikkje vil innebæra vesentlege administrative konsekvensar, men rådmannen i Time meiner at det vil føra til noko meir administrativt arbeid, då den foreslåtte lovfestinga vil innebera rapporterings-plikter og dokumentasjonskrav for styrar og eigar utover det ein har i dag.
1. Andre forslag
Time kommune støttar departementet i at det er bra å lovfesta fleire av desse viktige områda. Rådmannen meiner imidlertid at det er uheldig at mange saker vert tatt inn i same høyring. Dette kan medføra at enkelte områder ikkje vert behandla grundig nok. Eksempelvis hadde rådmannen ønskja at Regulering av kommunen som barnehagemyndigheit hadde blitt behandla i ei eiga høyring. I tillegg har rådmannen følgjande kommentarar:
Krav om at barnehagens lokaler og uteareal skal ligge samlet
· Rådmannen støttar forslag om at barnehagens lokaler og uteareal skal liggja samla.
· Rådmannen undrer seg imidlertid over at det vert innført kvalitetskrav for private og kommunale barnehagar som ikke gjeld for familiebarnehagar. I Time kommune ønskjer me at alle barn skal få ei likeverdig behandling, og ha rett til same krav når det gjeld bemanningsnorm, pedagogisk norm og krav til lokaler og uteareal.
Krav til internkontroll i barnehagen
Departementet foreslår å innføra eit krav om at barnehagen skal ha internkontroll for å oppfylla krava i barnehagelova. Dette forslaget støttar rådmannen i Time kommune då det lettare kunna sikra at krava i barnehagelova vert fulgt. Rådmannen har nokre kommentarer til forslaget:
· Rådmannen tenkjer at dette vil føra til noko meirarbeid for styrar i barnehagen. Det inneber endå meir skriftleg dokumentasjon enn det som er praksis i dag, og det kan føra til ei dreining av styrar rolla som ein bør vera merksam på. Meir dokumentasjonsarbeid kan gå på bekostning av tid til barnehagefagleg kompetanseheving, og for små barnehagar må ein kanskje vurdera om ein må auka ressurser til leiing.
· Vidare tenker rådmannen at om deler av dette arbeidet vert deligert vidare til pedagogisk leiar, kan nærvær med barn vera utsatt då dette arbeidet vil ta tid bort frå det direkte arbeidet med barna.
Regulering av kommunen som barnehagemyndighet
Rådmannen støttar intensjonane i lovforslaget, men synes forslaget berører mange elementer som burde vært gjennomgått grundigare i ei eiga høyring. Rådmannen har følgjande kommentarar:
· Mange ulike problemstillingar vert drøfta i forslaget utan det vert gitt klare konklusjonar. Rådmannen synes departementes forslag om å ha eit tilstrekkeleg uavhengig forhold til kommunale barnehagar vert for laust og utydeleg, men er einig i at ein bør ha fokus på å ikkje blanda dei ulike rollene kommunen har som eigar og barnehagemyndigheit
· Rådmannen er einig i forslaget om å lovfesta likeverdig behandling av kommunale og private barnehagar
· Rådmannen støttar departementets vurdering om at tilsynsoppgåva ikkje bør utførast av ein styrer
· Rådmannen meiner at det må vera krav om barnehagefaglig bakgunn for den/dei som skal utføra tilsyn i barnehagane
· Myndighetsrolla/oppgåvene vert omtalt veldig generellt. Rådmannen hadde ønskja at departementet hadde våre meir presis i lovforslaget når det gjeld kva oppgåver som må skiljast ut frå eigarrolla
· Departementes forslag om at myndigheitsoppgåvene skal ivaretas av eit uavhengig organ, vil for nokon føra til at ein må etablera eit nytt forvaltningsnivå. Det er stor variasjon i små og store kommuner i kor mykje ressursar ein har til rådigheit. Det er også små kommunar som ikkje har definerte stillinger til arbeid med myndigheitsoppgåver innan barnehageområdet. Dette vil derfor kunna bli ei dyr og omfattande endring for nokon. Rådmannen i Time støttar ikkje dette forslaget.
· Rådmannen i Time meiner ein kan mista noko ved å skilja heilt mellom myndigheitsoppgåver og eigarrolla. I Time har ein gode erfaringar med å sjå myndigheitsoppgåver knytt til rettleiing og oppfølging av kommunale og private barnehagar, saman med oppgåver ein har som eigar når det gjeld utviklingsarbeid. Informasjon og kunnskap ein får i den eine rolla kan nyttast positivt i den andre med tanke på barnehagebasert utviklingsarbeid for alle barnehagane i kommunen.
1. Felles
· Time kommune meiner at lovforslaga vil medføra meir dokumentasjonsarbeid enn før, og at dette vil kreva noko meir administrative ressursar.