Høringssvar fra Skavøypoll barnehage

Dato: 13.11.2019

Svartype: Med merknad

SVAR TIL HØYRING

Kva er mobbing/krenking? Kva ligg i omgrepa?

Kor tid har vi plikt til å gripe inn? Ei plikt til å gripe inne er ikkje det same som ei plikt til å setje inn tiltak. Når skal vi setje i verk dei ulike tiltaka? Det er vel ikkje alltid slik at ein treng å nytte heile tiltakskjeda?

Rutiner for korleis en skal følgje opp aktivitetsplikt

Rutiner for korleis/kva vi skal gjere. Treng klare retningslinjer. Når gjer vi kva? Korleis er «gangen» i det?

Plikt for å handle kva – kven – korleis

Observasjonsskjema til bruk i samband med mobbing/utestenging

Observasjonsskjema for forebygging, planmessig framgangsmåte

Kva meinast med dette/kva ligg i dette?; « Aktivitetsplikten skal tre inn selv om årsaken til at barnet ikke har et trygt og godt barnehagemiljø skyldes forhold eller hendelser som har skjedd utenfor barnehagen».

Det står også i forslaget at det kan vere tilfeller der aktivitetsplikta er oppfylt sjølv om barnet eller foreldra ikkje er nøgde med miljøet i bhg. (det blir då vår oppfatning av om vi har gjort tilstrekkelege tiltak). Samstundes er det «barnets egen opplevelse som skal legges til grunn når barnehagen skal ta stilling til om barnet har et trygt og godt barnehagemiljø. Hvis et barn eller foreldrene gir uttrykk for at barnet ikke har et trygt og godt barnehagemiljø, skal barnehagen legge dette til grunn. Barnehagen kan ikke avvise barnets eller foreldrenes påstand om at det ikke er et trygt og godt barnehagemiljø…….» Desse utsegna verkar noko sjølvmotseiande

Når det gjeld tiltak:

Plikta til å iverksetje eigna tiltak, omfattar også ei plikt til å evaluere og justere tiltak undervegs.

Barnehagen skal dokumentere personalet sine vurderingar, planer, tiltak og evaluering av tiltak.Det er eit krav om at barnehagen skal utarbeide ei skriftleg plan for oppfølgjing av sak. Det vert likevel ikkje lovfesta at dei som jobbar i bhg må dokumentere skriftleg at dei har gripe inn mot krenkingar, at dei har varsla styrar om at eit barn ikkje har eit trygt og godt bhg.miljø eller at dei skal dokumentere det dei gjer når dei gjennomfører tilsyn i ei sak. Det er naturleg at ein også skal dokumentere når ein iverkset skriftlege tiltak.