Høringssvar fra Sveio kommune

Dato: 12.11.2019

Svartype: Med merknad

Framlegg til lovforslaga vert støtta og vurdert som ei viktig og naudsynt lovendring. Imidlertid vurderar Sveio kommune det slik at framlegget til lovforslag knytt til uavhengighet og likehandsaming delvis vert støtta. I små kommunar vil det vere ei stor utfordring med eit eige organ knytt til barnehagemynde. Framfor å ha eit uavhengig organ, kan det vere like formålstenleg at kvar kommune har ei organisering og arbeidsfordeling som tydeleggjer oppgåver og ansvar knytt til både barnehageeigarrolla og rolla som barnehagemynde.