Høringssvar fra Solsikka barnehage

Dato: 13.11.2019

Svartype: Med merknad

Å ha eit auka fokus på eit trygt og godt barnehagemiljø er veldig positivt og heilt i tråd med satsingane vi har i oppvekstsektoren i Vanylven kommune. Vi er i gong med IBSM (inkluderande barnehage og skulemiljø).

Det er veldig positivt at det vert snakka om barna sitt psykosoiale barnehagemiljø, istadenfor forebyggande mot mobbing. I skulen har dette vore omsnakka som «mobbelov» og det er no det motsatte det er snakk om! Difor er dette betydning for korleis vi omtalar og gjere det i det vidare arbeidet i dei enkelte kommunar. Med fokus på, og rutinar for eit godt barnehagemiljø så kjem ein innom vennskap, inkludering, leikekompetanse og språkkompetanse; som er viktige faktorar for forebyggande arbeid mot mobbing. I tillegg vert også fokuset då på korleis ein gjere det når ein ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø.

Det er ikkje noko nytt for barnehagane å jobbe forebyggande, men det er heilt klart at det er systematikken og sikre rutiner for at det vert systematisk arbeid som er endringa, og som kanskje vert ei viktig endring.

Her sikrar ein også den individuelle plikta til kvar enkelt som jobbar i barnehagen!

Vi er skeptiskt til at kravet til dokumentasjon skal skape eit mykje større meirarbeid, som då også vil ta av personalet si tid saman med barnet. Dokumentasjon og møtevirksomhet- vil vere med å stele tid frå samvær med barna. Det står ettertrykkeleg at ein tenker det enkelt og ikkje så omfattande som i skulen, men av erfaring så ser vi i ofte at det rekvirerer eit større meirarbeid enn det som fyrst er antatt. Her trengst det i alle fall meir presiseringar og avgrensingar.

Vi er også skeptisk på om dette gjer at vi får eit større behov for kartleggingar av ulike slag, og at desse også skal ta tid vekk frå barna. Dette er ting som må avklarast.

Forstår det også slik at det er barnehagemyndiheta i den enkelte kommune som evt som skal sørge for at dette vert overholdt, vert desse også eit klageinstans? I så tilfelle vil det også her tenkast at det verte eit meirarbeid på dei, noko ein også må ta høgde for.

Uansett bidreg dette til eit auka fokus på eit systematisk forebyggande arbeid, som igjen bidreg til ei kompetanseheving rundtomkring i barnehagane gjennom at ein må formalisere rutiner, diskutere begreper, reflektere rundt seg sjølv og sin måte å observere på i kvardagen. OG det sikrar at vi vert tryggare i arbeide vårt og ei auka bevissthet rundt det individuelle ansvaret vårt.

Vi ynskjer alle å handle til barns beste!