Høringssvar fra Ørsta kommune
Ørsta kommune ved seksjon barnehage ynskjer med dette å svare på høyringa om forslag til endringer i barnehagelova - innføring av lovregler om psykososialt barnehagemiljø og internkontroll mm. Ørsta kommune svarer administrativt på høyringa, og svaret blir lagt fram som orientering til dei folkevalde i vår kommune.
For å sikre alle barn eit godt oppvekst og læringsmiljø i barnehagen må rammene vere på plass. Dette handlar i stor grad om økonomi, men også om kompetanse. Å ha nok barnehagelærarar og å ha ei bemanning som gjer det mulig å ha små og oversiktelige grupper, sjølv i store barnehagar, er viktig. Mindre grupper og å høyre til i ei gruppe, er viktig både for små og store barn. I Ørstabarnehagen har vi barnehagelærarar i alle stillingar det er krav til, og også i nokre andre stillingar. I tillegg har vi mange fagarbeidarar. Kunnskap om barns utvikling og læring er nødvendig for å møte barna der dei er. Tilsette sitt arbeid skal vere prega av ei anerkjennande haldning. Omsynet til barnets beste er og skal vere eit avgjerande prinsipp både for mynde, eigar og tilsette. Alle våre barnehagar har gjennom utviklingsarbeidet "Saman om Ørstabarnehagen - verdibasert leiing" arbeidd med verdiplattformer der syn på barn, syn på føresette og kollega er med på å danne viktige plattformer for arbeidet i barnehagen. Alle har ei viktig rolle i møtet med det einskilde barn, og alle må ha kunnskap om barns utvikling for å hjelpe dei vidare inn i leik, læring, danning og allsidig utvikling. Omsynet til barnet og barnegruppa må ha hovudfokus for alle som skal arbeide i barnehagen. Alle tilsette må bety ei forskjell for det einskilde barn. I tråd med vår lokale rammeplan skal vaksne vere tett på gjennom heile dagen. På den måten kan dei skape ein inkluderande kvardag for alle borna.
Vår lokale rammeplanen kan vere grunnlagsdokument for tilsyn ute i den einskilde barnehage. Vi har eigen barnehageseksjon der leiar med barnehagefaglig kompetanse har jamlege møter med alle barnehagane. Mange kommunar har framleis ikkje slik kompetanse på kommunenivå i det heile, så det må sikrast først og gjerne lovfestast etter vår meining. Å stille krav om at andre personar utan barnehagefaglig kompetanse skal føre tilsyn er feil meiner vi. Ei viktig kompetanse for dei som skal føre tilsyn er etter vår meining barnehagefaglig kompetanse og kunnskap om lov og avtaleverk.
I vår kommune har vi laga ein handlingsplan for å førebygge, handtere og følgje opp mobbing i barnehagen. Planen skal gi dei tilsette ei innføring i kjenneteikn, førebygging og tiltak. Her ligg også tiltaksplan og malar for varsling og referat. Dette gir grunnlag for systematisk arbeid for eit trygt og godt barnehagemiljø, slik at alle skal opleve ein trygg kvardag. Å lovfeste dette er viktig og nødvendig, så det støttar vi.
Vedlagt i vårt høyringssvar ligg både vår lokale rammeplan og vår plan for å førebygge, handtere og følgje opp mobbing. Dette er dokument som forpliktar både kommune, eigarar og tilsette i å arbeide for ein barnehage som har nulltoleranse for krenkingar som utestenging, mobbing mm. Sjå vedlegg.
Lov og rammeplan er viktige dokument for både kommune, eigar og tilsette og dei må sjølvsagt til ei kvar tid vere oppdaterte. Stadige høyringar og nye lovforslag blir kanskje lagt fram for å stadfeste dette, men kan også føre til at lovverket blir svakare totalt sett. Dette er viktig å tenke på når delar av lova blir sendt ut på høyring.
Ørsta 12.11.2019
Reidun Mo, seksjonsleiar barnehage