Høringssvar fra Ål kommune

Dato: 13.11.2019

Svartype: Med merknad

Forslag til endringar i barnehagelova (Innføring av lovreglar om psykososialt barnehagemiljø og internkontroll m.m.)

§ 3 (nytt fjerde ledd) Barns rett til medverknad og omsynet til barnets beste

Ål kommune støttar endringa i § 3 som fastslår at barnets beste skal vere eit grunnleggande omsyn i barnehagen sitt arbeid.

§ 7c Krav til samla barnehageanlegg

Ål kommune støttar ny paragraf som fastslår at barnehagen sine lokale og uteareal skal ligge samla med mindre det ligg føre særlege omsyn som tilseier at dei bør ligge på ulike stader.

Ål kommune støttar også at private barnehagar som må søkje ny godkjenning på bakgrunn av denne paragrafen om samla barnehageanlegg, ikkje mistar sitt tidlegare tilskot til barnehagedrift jf. Forskrift og tildeling av tilskot til private barnehagar ny § 6a.

§ 7d Internkontroll i barnehagen

Ål kommune støttar ny paragraf som fastslår at det skal utførast internkontroll for å sikre at barnehagelova med forskrifter vert fylgd.

§ 8a Krav til uavhengighet og likebehandling

Ål kommune støttar ikkje forslaget i fyrste ledd der det blir foreslått endring av organiseringa av oppgåvene til barnehagemyndigheita. Det nye forslaget legg opp til at ein og same person ikkje kan ivareta både rolla som barnehageeigar og barnehagemyndigheit. Kravet om uavhengigheit skal sikre at kommunen har eit tilstrekkeleg uavhengig forhold til dei kommunale barnehagane når dei utfører oppgåver som barnehagemyndigheit. Det er oppgåver som bl.a. godkjenning, finansiering, veiledning og tilsyn som blir foreslått skal ligge til ein uavhengig instans som barnehagemyndigheit.

I praksis betyr dette at ein person ikkje kan ha begge oppgåvene. Spesielt i små kommunar kan dette bli svært vanskeleg å gjennomføre, fordi det ofte er få personar i administrasjonen og fagmiljøet kan bli smuldra opp når fagpersonane ikkje lengre kan vere organiserte under same leiar. Ei annan problemstilling kan vere at stillingane blir så små at dei blir lite attraktive for fagpersonar og søkje på.

Ål kommune meiner at det må vere mogeleg for små kommunar å organisere oppgåvene som i dag, dvs. at ein person kan inneha begge oppgåvene. T.d. har vår region svært god erfaring med interkommunalt samarbeid der barnehagemyndigheita frå ein annan kommune er med som objektiv part ved tilsyn i eigne barnehagar. Etter vår meining er dette eit eksempel på ei betre løysing og sikrar den uavhengigheita som departementet etterlyser. Den vil også sikre likebehandling mellom kommunale og private barnehagar. Eit anna eksempel er kurs og vidareutdanningar som Fylkesmannen har arrangert for barnehagemyndigheita som har vore nyttig og bevisstgjerande og som har styrka objektiviteten og kunnskapen i høve desse problemstillingane.

På bakgrunn av dette meiner Ål kommune at det er andre virkemiddel som kan setjast i verk for å sikre uavhengigheit enn å splitte dei to rollene på ulike personar. Ein skal også vere klar over at ein kommune kan miste den kunnskapen ein med barnehagemynde har, dersom ein interkommunal modell blir valt. Det kan også vere ein styrke å ha begge rollene fordi du har med deg all kunnskapen i alle arbeidsoperasjonar frå opptak til tilsetting og risikovurdering, og at ein med denne løysinga sikrar både at lovverket og veiledning blir overhelde i alle prosessar på eit tidleg tidspunkt. Fleire av dei små kommunane har få eller ingen private barnehagar. Det vil difor virke lite føremålstenleg dersom ein må ha ulike personar til å utføre oppgåvene som barnehagemyndigheit og eigar for barnehagane.

Ål kommune opplever dette forslaget frå Kunnskapsdepartementet som ein mistillit. Kunnskapsdepartementet må ha tillit til at kommunen kan handtere denne dobbeltrolla på ein god måte og heller støtte opp med kunnskap som gjer at ein blir endå meir bevisst på rollefordelinga. Kommunane må få behalde sjølvråderetten og sjølv finne den beste måten å organisere dette på. Ål kommune er også kritisk til at dette viktige spørsmålet blir teke opp i denne høyringa med eit heilt anna namn og me er usikre på om fleirtalet av kommunane har fått med seg endringa. Forslaget bør difor trekkjast attende i denne omgang, og ev greiast grundigare ut i ei eiga sak.

Til slutt vil me minne om at Fylkesmannen etter Barnehagelova § 9 skal føre tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit. Dette vil også vere med på sikre at myndigheitsoppgåvene blir utført objektivt og forsvarleg.

Ål kommune støttar forslag i andre ledd i § 8a at kommunen skal likebehandle private og kommunale barnehagar når den utfører oppgåver som barnehagemyndighet.

§ 12 Tredje og fjerde ledd Likeverdig behandling og forskriftsheimel

Ål kommune støttar forslag om likeverdig behandling av private og kommunale barnehagar.

§ 20 Nulltoleranse og plikt til fremjande og førebyggande arbeid

Ål kommune støttar forslag til ny paragraf om at barnehagane skal ha nulltoleranse mot krenkingar som systematisk utestenging, mobbing, vold, diskriminering og trakassering, samt at barnehagane skal arbeide systematisk for eit trygt og godt barnehagemiljø som fremjar helse, trivsel og læring for alle barn og arbeide for å førebyggje krenkingar.

Ål kommune støttar forslaget om at det vert innført tydelege plikter utan å innføre ein individuell rett og eit system for handheving av enkeltsaker.

§ 21 Aktivitetsplikt når eitt eller fleire barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø

Ål kommune støttar forslag til ny § 21. Det er viktig at alle vaksne følgjer med på om barna har eit trygt og godt barnehagemiljø, og at dei varslar barnehagen sin styrar ved mistanke om eller kjennskap til at eit barn ikkje har det bra. Vidare støttar Ål kommune at styrar skal varsle vidare til den som er ansvarleg for barnehagen i alvorlege tilfelle.

Ål kommune støttar at saka skal undersøkjast, at det vert laga ein skriftleg plan, at det blir sett inn tiltak, og at det ikkje vert innført plikt til dokumentasjon utover dette.

Ål kommune ynskjer å endre ordet «aktivitetsplikt» til «handlingsplikt» da dette er eit meir dekkande ord om at noko må gjerast. Dette er i tråd med handlingsplanar som barnehagane allereie brukar i sitt systematiske arbeid.

Til § 22 Skjerpa aktivitetsplikt dersom ein tilsett krenkar eit barn

Også her ynskjer Ål kommune å endre ordet «aktivitetsplikt» til «handlingsplikt».

Ål kommune støttar elles forslaget i § 22 om å varsle barnehagen sin styrar ved mistanke om at ein tilsett i barnehagen utset eit barn for krenkingar, eller til den som er ansvarleg for barnehagen dersom det er mistanke til styrar. Dersom det etter nærare undersøkingar visar seg å stemme, må det straks vurderast ulike tiltak retta mot den aktuelle tilsette.

Det er viktig at barnehagane har tilsette som er autoritative vaksne, dvs. som set grenser, men samtidig er varme og trygge.

Forslag til endringar i forskrift om tildeling av tilskot til private barnehagar

Ny § 6a

Ål kommune støttar at kommunen skal gje tilskot til private barnehagar som søkjer om ny godkjenning som fylgje av kravet til samla barnehageanlegg, jf. barnehagelova § 7c.