Høringssvar fra Plassebakken Barnehage SA
Svartype:
Med merknad
Generelt:
Departementets forslag ser ut til å ha funne eit fornuftig samsvar mellom tydeleggjering av barnehagens og einskildtilsette sitt ansvar gjennom lovkrav, og fokuset på det systematisk førebyggande arbeidet i barnegruppene.
At den einskilde tilsette vil få ei lovfesta plikt til å gripe inn ved alle typer krenkingar mot barn, er eit tydeleg signal som understrekar betydninga av det ansvaret kvar einskild vaksen har. Dette støttar vi og ønskjer velkommen.
Yttarlegare lovstøtte for barnehagane sitt relasjons – og antimobbearbeid:
- Vil kunne auke proritering av systematisk arbeid med psykososialt miljø og gi færre forskjellar i kvalitet barnehagane i mellom
- Støttar at departementet ikkje ønskjer å innføre ein individuell rett gjennom einskildvedtak og eit klagesystem etter forvaltningslova. Manglande kompetanse og kjennskap vil truleg føre til store forskjellar i sakshandsaming, og behovet for veiledning frå forvaltningsledd over barnehagane vil truleg auke
- Støttar at departementet tar utgangspunkt i at krav til barnehagen sitt systematiske arbeid med miljøet i barnegruppene vil gi kvart barn eit trygt og godt barnehagemiljø, og at for stort fokus på individuelle rettar ville fjerne naudsynte ressursar frå barnehagens førebyggande og gruppeorienterte arbeid.
Vurdering av om barnehagen si aktivitetsplikt er oppfylt:
- Spesielt i saker med usemje mellom barnehagen og foreldra; kven skal vurdere om plikta er oppfylt og kva som er eit godt nok fagleg skjønn?
Kommunen som barnehagemynde:
- Vi ser for oss at eit uavhengig tilsyn vil vere utfordrande å få til i små kommunar. Personar, instansar, organ som skal utøve tilsyn må ha kjennskap til både regelverk, kompleksiteten i barnehagefagleg pedagogiske områder og ikkje tilknytning til den barnehagen ein skal utøve tilsyn i eller til kommunens eigne barnehagar. Dette er ikkje alltid realiteten i små kommunar. Eit interkommunalt samarbeid vil kunne sikre likebehandling og uavhengigheit i tilstrekkeleg grad.
Økonomiske og administrative konsekvensar:
- Departementet legg til grunn at barnehagane allereie skal arbeide førebyggande og godt med å skape gode miljø for barn, og at lovframlegga «berre» lovfestar oppgåver barnehagane allereie har og dermed får desse lovforslaga ikkje vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar. Vi ser det annleis.
- Etter vårt syn bør det få økonomiske konsekvensar. Dette handlar om tidleg innsats (ref. nyleg publisert Stortingsmelding «Tett på»), og bør ikkje berre «unnskyldast» i dekke av allereie gjeldande krav i Rammeplanen. Auka kunnskap om barnehagen si betydning som ein helsefremjande arena i eit folkehelseperspektiv burde føre til ei storstilt satsing på barnehagar. Få på plass ein tryggare og forutsigbar økonomi, ei finansieringsordning der barn får det same offentlege tilskotet uavhengig av kva kommune ein er busett i eller kva barnehage ein går i, bedre bemanning enn det bemanningsreglane legg opp til, kompetansehevings – og etterutdanningstilbod for fleire tilsette i barnehagane, midlar til haldningsskapande utviklingssarbeid, etc.
- Under føresetnad av finansiering tar vi i denne samanheng til orde for at bemanningsnorma bør gjelde i heile åpningstida. Slik det er i dag er bemanningsnorma oppfylt maksimalt 4 – 5 timar pr. dag av 10 timars åpningstid. (Dette er dersom ingen er sjuke og alle er på jobb). Vi ber departementet sjå den reelle kvardagen ute i barnehagane.