Høringssvar fra Sunnfjord kommune

Dato: 22.09.2021

Svartype: Med merknad

Viser til høyring om endring av prioriterte tilsynsområder jf. byggesaksforskrifta § 15-3.

Dersom kommunen skal halde tilsyn med bueiningar/hyblar som er etablert ulovlig, bør det regulerast og kome tydlegare fram kva som faktisk er eit slikt søknadspliktig tiltak i plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrifter.

Som kjend er det mange hyblar og leiligheiter som er etablert i eksisterande bustad utan at det er søkt eller gjeve løyve for det. Men når plan- og bygningslova ikkje regulerer utleige, kva gjeld då. Er det lovstridig å etablere eit kjøkken i kjellarstue, for å så leige det ut?

Søknadsplikt for bueining treff når bueininga har alle hovudfunksjonar, har eigen inngang, og er fysisk atskilt frå andre einingar.

Huseigar kan gjere bruksendring innvendig i bustaden utan søknad frå hovuddel til hovuddel. Det tyder at ein kan gjere om eit soverom, kjøkken, bad, stue til eventuell stue, bad, kjøkken og soverom. Det kan med enkle grep bli gjort store innvendige endringar i ein kjellar og liknande utan at det er søknadspliktig. Med ei eventuell dør mellom den "nye" og gamle delen, vil ein enkelt unngå § 2-2 Oppdeling av bueining.

Dersom kommunen skal ha tilsyn med dette bør reglane bli skjerpa og presisert om kva som faktisk er ei bruksendring som fører til hybel og leiligheit.