Høringssvar fra Fagskolen i Hordaland, ved styret
Høyringsuttale frå Styret for Fagskolen i Hordaland
Kunnskapsgrunnlaget
Føremålet med å definere fagskuleutdanninga sitt kunnskapsgrunnlag er å sikre ei tydeleg avklaring på kva som kan kvalifiserast som fagskuleutdanning jf. fagskulelova. Styre for Fagskolen i Hordaland vurderer at departementet sitt forslag til endring i § 4 sikrar dette, og sluttar seg til forslag til endringane i § 4.
Omfang
Det er gledeleg at det blir føreslått at fagskulane kan få utvikle utdanningar som er kortare enn 30 stp., og gjennom bransjeprogramma ser ein heilt klart eit behov for dette. Det er likevel ein bekymring i høve til lovforslaget at det kan bli utvikla korte tilbod innan fagområde der ein ikkje har eit etablert fagmiljø, og at det på bakgrunn av dette kan etablerast fagskular som blir meir eller mindre kursleverandørar. Det er viktig at arbeidet som har gått føre seg dei siste åra med å løfta fagskulesektoren i høve til kvalitet og ei tydeleg plassering i utdanningssystemet blir vidareført. NOU 2014: 14 Fagskolen - et attraktivt utdanningsvalg viste til at tilbod av mindre omfang ville kunne svekke fagskulane sitt omdømme, og at eit utdanningstilbod bør ha eit visst omfang for å bli kalla ei utdanning. Fagskulelova skulle ikkje omfatta kursverksemd.
På bakgrunn av dette støttar styret Departementet sitt forslag om at det skal vere mogleg å få akkreditering av utdanningar som er kortare enn 30 stp., men at dette bør vere innan for eit fagområde der ein allereie har ein akkreditert utdanning og uteksaminert studentar i minimum to år. Korte utdanningar med eit omfang som er mindre enn 30 stp. bør vere eit supplement til grunnutdanningane med eit omfang på 60 eller 120 stp.
Opptak til kunstfagleg fagskuleutdanning
Styret støttar Departementet sitt forslag til endring i opptaksreglane for dei kunstfaglege fagskulane som er tilpassa søkarmassen og desse fagskulane sin eigenart.
Bruk av falsk dokumentasjon
Styret støttar Departementet sitt forslag om å styrka reglane i fagskulelova knytt til bruk av falsk dokumentasjon og vitnemål, samt å harmonisera fagskulelova med tilsvarande regelverk i universitets og høgskulelova.
Politiattest
Styret støttar forslaget frå Departementet om å endre lova slik at denne sikrar innhenting av politiattest i samband med klinisk undervisning eller praksis der studentane kjem i kontakt med barn og mindreårig. Styret støttar også den formelle ryddinga i regelverket som gjer at reglane om handsaming av tilhøve knytt til mangelfulle attestar, blir flytta frå forskrift og lagt til fagskulelova. Styret vil likevel peike på at Fagskolen i Hordaland har handsama dagens regelverk knytt til innhenting av politiattest som eit «må-krav» og ikkje eit «kan-krav».
Økonomiske og administrative konsekvensar
Styret vil på generelt grunnlag oppmoda departementet om å styrke finansieringa av fagskulane slik at denne heldt tritt med auka oppgåver og kostnadar i sektoren, - og om å ta i bruk differensierte satsar for dei ulike studia. Dei offentlege fagskulane har stort sett alle dei tyngre maritime og industritekniske studietilboda som drar betydelege kostnadar i investering og drift. Noverande tilskotsnivå saman med flat tilskotssats uavhengig type studietilbod rammar utviklinga av dei tekniske fagskulane som igjen blir avhengige av ekstra fylkeskommunale løyvingar i ein elles hardt pressa kommuneøkonomi.