Høringssvar fra Vestfold og Telemark fylkeskommune
Saksgang Saksnummer Møtedato
Yrkesopplæringsnemnda 55/20 17.11.2020
Hovudutval for utdanning og kompetanse 67/20 25.11.2020
Høyringssvar - Forslag til endringar i lov om høyere yrkesfagleg utdanning (fagskoleloven) og forskrift om høyere yrkesfagleg utdanning (fagskoleforskriften) – Vestfold og Telemark fylkeskommune
Innstilling frå fylkesrådmannen
Fylkestinget stiller seg bak forslaget til høyringssvar, slik det framkommer i fylkesrådmannens vurderingar.
Bakgrunn og saksgang
Kunnskapsdepartementet har sendt følgande forslag på høyring: - Forslag til endringar i lov om høyere yrkesfagleg utdanning (fagskoleloven) og forskrift om høgare yrkesfagleg utdanning (fagskoleforskriften), sjå vedlegg. Høyringsnotatet inneheld forslag om presisering av fagskuleutdanningas kunnskapsgrunnlag, endring i krav til fagskuleutdanningas omfang, opptak til kunstfaglege fagskuleutdanningar, bruk av falske dokumenter og krav om politiattest. I fagskoleforskriften blir det foreslått tekniske endringar i tråd med lovforslaget, mellom anna å flytte regler frå forskrifta til loven. I tillegg blir det foreslått ei føresegn som definerer kva som skal reknast som falske dokument og vitnemål
Saksopplysningar
I høyringssvaret frå Vestfold og Telemark fylkeskommune blir det foreslått å støtte endringane i lov og forskrift for høgare yrkesfagleg utdanning, særleg at ei presisering av kunnskapsgrunnlaget for ei utdanning er viktig. I lov og forskrift har det tidlegare ikkje vært stilt krav til at utdanningstilbydar skal kunne dokumentere tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag for emne i utdanningas studieplan.
Vidare støtter høyringsforslaget departementets forslaget om å fjerne kravet til minstelengde for høgare yrkesfagleg utdannings. Minstelengda har vært på 30 studiepoeng, og på grunnlag av Markussenutvalets utgreiing NOU 2019 Lærekraftig utvikling – Livslang læring for omstilling og konkurranseevne og Meld. St. 14 (2019 – 2020) Kompetansereformen - Lære for hele livet, foreslår departementet å fjerne kravet til minstelengde i fagskulen. I høyringsforslaget er det lagt inn ei avgrensing for at fagskular kan tilby utdanningar på mindre enn et halvt års omfang - 30 studiepoeng. Det settast som krav at utdanningsintuisjonane minimum må ha ein fagskoleutdanning på 60 studiepoeng eller meir, og ha uteksaminert kandidatar i minst to år for å kunne få akkreditert utdanningar med mindre enn eit halvt års omfang.
Det er foreslått enkelte tekniske endringar der regler frå forskrifta blir flytt til lova. I tillegg er det foreslått ein fråsegn som definerer kva som blir rekna som falske dokumenter og vitnemål.
Økonomisk, administrative og juridiske konsekvensar
Fylkeskommunen mottar øyremerka midlar til fagskuleutdanning og forslaga fører ikkje til fleire økonomiske forpliktingar.
Fylkesrådmannens vurderingar
Fylkesrådmannen har følgjande kommentarar til høyringsforslaget:
Fylkesrådmannen merker seg at høyringsforslaget bygger på at fagskuleutdanningar skal bygge på eit tilfredsstillande kunnskapsgrunnlag som skal gå tydeleg fram av studieplanane ved den enkelte utdanning. I lys av medias fokus på at det i dagens lov og forskrift ikkje blir stilt krav til eit slikt grunnlag for høgare yrkesfagleg utdanning, blir denne endringa ønskt velkommen.
Med bakgrunn i Markussenutvalgets utredning NOU 2019 Lærekraftig utvikling – Livslang læring for omstilling og konkurranseevne og Meld. St. 14 (2019 – 2020) Kompetansereformen - Lære for hele livet foreslår departementet å fjerne kravet til minstelengde i fagskolen. I tillegg har bransjeprogramma med korte yrkesretta delutdanningar i regi av fagskulane vært vellykka. Fagarbeidarar har, og vil i framtida ha, behov for korte yrkesretta utdanningar av kort og lang varigheit for å dekke kunnskapsbehovet til den enkelte og for samfunnet.
Tekniske endringar som at kandidatar som frå og med dei er 19 år kan søkje studieplass i via realkompetansevurdering til høgere yrkesfagleg utdanning innan kunstfag, er ein viktig endring for nokre utdanningsinstitusjonar.
Foreslått fråsegn som definerer kva som blir rekna som falske dokument og vitnemål gjær det klårare for utdanningsinstitusjonen når dei skal gripe inn, og for skolens kontrollorgan å behandle slike sakar på ein rettferdig måte