Høringssvar fra Statsforvaltaren i Vestland

Dato: 21.07.2021

Høyringssvar - forskrift om arbeid som utføres i arbeidstakers hjem.

Innleiing

Mange har gjort seg erfaringar med bruk av heimekontor i større eller mindre grad under pandemien. Statsforvaltaren i Vestland vil nemne at vi som ei kunnskapsverksemd, opplever både tap av kunnskapsoverføring, tap av kreativitet, tap av arbeidsmiljø og tap av produktivitet når mange arbeider heimanfrå samstundes. Rett nok er det også mange tilsette som produserer godt heimanfrå, men samla meiner vi at vi tapar meir enn vi vinn når mange arbeider heimanfrå. Viktigast er det å få fram at dei små spontane samtalane mellom medarbeidarar på gongen, ved kaffitraktaren eller i lunsjen, er umåteleg viktige for å sikre kunnskapsoverføring, kreativitet og eit godt arbeidsmiljø. Samstundes er det som arbeidsgjevar vanskelegare å følgje opp medarbeidarar på heimekontor. Vi er difor negative til å leggje meir til rette for heimekontor enn tidlegare. Men vi tykkjer det er flott at departementet nyttar høvet til å gjere regelverket klarare og sluttar oss til hovudtrekkja i framlegga.

Til § 2. Skriftlig avtale

Departementet føreslår altså eit tillegg som inneber at det i staden for skriftleg avtale kan gjevast skriftleg informasjon til arbeidstakarane om rammene for heimearbeidet. Informasjonen skal drøftast med dei tillistvalde før han vert gjeven.

Statsforvaltaren stør at det vert laga ei praktisk tilnærming til situasjonar der behov for heimekontor oppstår på grunn av ytre omstende. Likevel meiner vi at framlegget ikkje går langt nok i å skape rom for fleksible løysingar i situasjonar som hastar. Vidare er det uklart om det må inngåast avtale eller gjevast informasjon for kvar nye omgang med heimekontor, eller om det er tilstrekkeleg etter forskrifta å ha standard avtale eller informasjon.

Under pandemien er vår erfaring at dei lokale råda om heimekontor veksla mykje. Vi har hatt ei rekkje døme på at lokale eller nasjonale styresmakter har vedteke tilrådingar eller pålegg om heimekontor etter arbeidstid ein dag, eller i helga, som skal setjast i verk neste verkedag. I slike situasjonar er sjølv ikkje den meir fleksible ordninga som er føreslegen, med informasjon som skal drøftast med tillitsvalde, praktisk mogleg å få til før heimekontorordninga vert sett i verk. For å bøte på dette føreslår vi at det må gå uttrykkjeleg fram av forskrifta at ein arbeidsgjevar, etter drøfting med dei tillitsvalde, kan vedta standard informasjon om kva rammer som skal gjelde, som gjeld for alle typar heimearbeid ved den aktuelle verksemda dersom ikkje anna blir avtalt eller særskilt informert om i den konkrete situasjonen. Vidare bør det gå klarare fram av forskrifta at det er arbeidsgjevaren som har styringsretten.

Til § 3. Arbeidsmiljøet

Framlegget inneber at det skal takast inn at det psykososialie arbeidsmiljøet skal ivaretakast.

Alle har rett på eit godt arbeidsmiljø og Stasforvaltaren meiner difor det er bra at også det psykososiale arbeidsmiljøet vert synleggjort i forskrift. Ansvaret må avgrensast og med teksten «så langt det er praktisk mulig» bør det vere teke i vare.

Statsforvaltaren vil likevel peike på at det verken for arbeidsgjevarar eller arbeidstakarar er noka rettleiing i kva som ligg i det departementet omtalar som ei «klar aktivitetsplikt for arbeidsgiver». Vi minner om at det også går fram av forskrifta at arbeidsgjevaren ikkje utan avtale har tilgang til private heimar og vidare til det departementet skriv om at det er opp til arbeidsgjevaren sjølv å vurdere kva som må til for å oppfylle aktivitetsplikta. Vi ser at departementet vurderer om det er mogleg å gjere pliktene klarare, men konkluderer med at dette ikkje bør gjerast, med grunnlag i at det er store variasjonar i tilhøva for den einskilde arbeidstakaren. Vi meiner at det hadde vore føremålstenleg å gje til kjenne i forskrifta at ved heimearbeid må arbeidstakaren ta meir ansvar for det fysiske arbeidsmiljøet sjølv, i alle fall for eigen arbeidsplass (og inneklima). Slik dagens forskrift er formulert, har vi vanskeleg for å tru at arbeidsgjevararar under pandemien har vore i stand til å oppfylle ei «klar aktivitetsplikt» for å sikre at alle arbeidstakarar på heimekontor har hatt gode fysiske arbeidstilhøve i eigen heim.

Til § 6. Arbeidstid

Departementet viser til at arbeidsmiljølova opnar for ein viss fleksibilitet, og at det i tillegg kan inngåast individuelle og kollektive avtaler som utvidar denne fleksibiliteten. Departementet ber om innspel på om heimearbeid bør vere omfatta av dei ordinære reglane om arbeidstid i arbeidsmiljølova, eller om det er behov for særlege reglar.

Som det vert vist til i høyringsnotatet, har det sidan gjeldande forskrift vart utarbeidd, skjedd store endringar i skilnaden mellom å arbeide heimanfrå og i lokala til arbeidsgjevaren. Samhandling er ein viktig del av arbeidskvardagen som gir utvikling og auka kompetanse. Dagens teknologi gir gode moglegheiter for dette, også frå heimekontoret.

For å kunne oppnå ønskt utvikling og oppretthalde arbeidsplassen som ein lærande arena, er ein avhengig av å treffe kollegaer og leiarar. For stort spenn i arbeidstid for dei tilsette vil gjere det vanskelegare med meiningsutvekslingar, raske avklaringar og utnytting av ressursane på ein god og effektiv måte.

I tillegg er omsynet til det psykososiale arbeidsmiljøet no føreslege teke inn i forskrifta. Auka bruk av heimekontor utan faste rammer for arbeidstid, kan føre til ei utvisking av grensa mellom arbeidstid og fritid. I tillegg kan det vere vanskeleg for arbeidsgjevaren å følgje opp det psykososiale arbeidsmiljøet, dersom det er vanskelegare å treffe på kvar tilsett innanfor den vanlege arbeidstida. Manglande rammer for arbeidstid vil difor gjere det vanskelegare å følgje opp psykososiale arbeidsmiljøet.

Vi meiner difor at både arbeidsgjevar og arbeidstakar vil vere tente med at arbeidstida normalt vert ramma inn om lag som om ein er på kontoret. Arbeid frå heimen bør difor ikkje vere unnateke for reglane om arbeidstid i arbeidsmiljølova.

Vi føreslår difor at det vert gjort tydelegare i forskrifta at arbeidsgjevaren kan fastsetje at tilsette på heimekontor skal halde seg til vanlege rammer for kjernetid.