Høringssvar fra Vestland fylkeskommune

Dato: 23.07.2021

Høyringsuttale til Arbeids- og sosialdepartementet sitt høyringsnotat av 22.april 2021 om revisjon av gjeldande forskrift om arbeid i arbeidstakars heim, jamfør forskrift av 5. juli 2002 nr. 715 om arbeid som utføres i arbeidstakers hjem, heretter "forskrifta")

Frå HR-direktør Hilde Merete Bjørnsdotter Withammer på vegne av Vestland fylkeskommune

1. Generelle merknader til høyringsnotatet

Vestland fylkeskommune (VLFK) syner til at det er positivt at departementet foreslår ein revisjon av gjeldande forskrift.

VLFK vil peike på at det er behov for å sjå på regelverket i ein heilskap som ikkje er bunden av gjeldande forskrift, men tek utgangspunkt i framtida sine måtar å arbeide på.

Departementet skriv i sitt høyringsnotat at det no har hatt fokus på nødvendige endringar og som kan setjast i verk innan relativ kort tid. Departementet er sjølv tydleg på at ein større og meir gjennomgripande regulering av feltet kan kome om til dømes kartlegginga og studien frå Oslo Met syner behov for det. VLFK støttar difor at trepartssamarbeidet fortsett å drøfte emne òg etter at revisjonsarbeidet er sluttført, og at partane i arbeidslivet ser på kva som trengs for å regulere eit framtidig arbeidsliv.

Det ligg fleire avgrensingar i at det er tale om ei revisjon av ei forskrift som kom i 2002. Mykje har skjedd i arbeidslivet sidan då både med tanke på teknologisk utvikling, endringar i måten å arbeide på og endringar i sjølve arbeidsoppgåvene. Det er difor ynskjeleg at departementet i neste omgang og med utgangspunkt i funn frå kartlegging og studiar, tek ei heilskapleg tilnærming til temaet.

Det er mange problemstillingar som ikkje er tatt opp i høyringsnotatet, til dømes spørsmål om skatt og yrkesskade. Det gjer det krevjande for partane i dag å regulere bruken av heimekontor på ei tenleg måte. Framtidig regleverk må vere slik at det er enklare å praktisere. Samstundes må det vere ei balanse mellom behovet for å regulere ordninga i eige forskrift og moglegheita for partane til å finne fleksible løysningar som varetek alle omsyn.

Det er positivt at revisjonen gjer at fleire punkt blir klarlagt der det tidlegare har vore usikkerheit om praktiseringa av forskrifta. VLFK syner mellom anna til skilet mellom bruk av heimekontor som eit tiltak pålagt av myndigheitene og ordninga som ein frivillig ordning mellom to partar.

VLFK syner òg til som positivt at departementet har tatt initiativ til å samle kunnskapsgrunnlaget i regi av STAMI og til at Oslo Met no gjer ein studie av effekt av bruk av heimekontor. Kartlegginga som Oslo Met hittil har utført syner at sju av ti seier at dei ynskjer å fortsette med heimekontor etter at pandemien er over.

Overvaking av arbeidsmiljøet på heimekontor er krevjande og stiller andre krav til arbeidsgivar enn det som er utgangspunktet etter arbeidsmiljøloven (aml) som er bygd på ein forutsetning om at det er arbeidsgivar som stiller lokale til disposisjon for arbeidet.

Framover skal ordninga med heimekontor brukas systematisk som ein frivillig ordning og ikkje etter pålegg frå myndigheitene. VLFK meiner at det er behov for ei kartlegging av korleis arbeidsgivar i samarbeid med arbeidstakar i praksis kan sikre både det psykososiale og det fysiske arbeidsmiljøet på heimekontoret, og ei eventuell nærmare regulering av det. Når langt fleire tilsette enn det vi har opplevd til no, ynskjer fortsett moglegheit for å nytte heimekontor, stiller det andre krav til arbeidsgjevar enn det høyringsnotatet går inn på. Samstundes vil det vere viktig å tydeleggjere arbeidstakars plikt til å medverke til eige arbeidsmiljø når arbeidet skjer i eige heim. VLFK støttar difor KS sitt forslag om å forskriftsfeste ei aktivitetsplikt for arbeidstakarane.

2) Nærmare om dei enkelte føresegnene

2.1. Verkeområde – forskrifta § 1

VLK har i sitt eige arbeid med å legge til rette for bruk av heimekontor tatt forskrifta bokstaveleg og nytta heimeadressa som utgangspunkt for heimekontoret. VLFK ser ikkje at forskrifta tar for seg arbeid frå andre stadar enn heime. VLFK støtter difor KS som seier i sin høyringsuttale at:

«KS mener det er behov for å se på reguleringen av hjemmekontor samlet - også for andre steder enn i hjemmet. Leser man forskriften strengt, blir en konsekvens av forskriften at det stilles strengere krav til arbeidsgivers ansvar for et forsvarlig arbeidsmiljø ved hjemmekontor for eksempel på hytta enn i hjemmet, fordi arbeidsmiljøloven da gjelder. Det må være samsvar mellom arbeidsgivers mulighet til å sørge for et forsvarlig arbeidsmiljø i praksis og kravene som stilles i lov og forskrift.»

VLFK syner til at det er positivt at departementet klargjer kva som meinast med kortvarig og tilfeldig bruk av heimekontor, og støttar endringa frå ordet «tilfeldig» til «sporadisk». Det gjer ein betre språkleg tyding for når forskrifta vil gjelde.

VLFK støttar òg forslaget om at forskrifta skal gjelde ved pålagt bruk av heimekontor, men då at dei enkelte føresegna i forskrifta vert tilpassa i høve til det.

Som KS meiner òg VLFK at aml § 18-9 fortsett må vere ein del av forskrifta, men at den kan flyttast til § 7 som handlar om Arbeidstilsynet sin kompetanse. Å fjerne føresegna heilt vil ha ein utilsikta konsekvens av di Arbeidstilsynet ikkje skal godkjenne ombygging i private heimar.

2.2. Krav til avtale - forskrifta § 2

VLFK støttar at krav om avtale ikkje gjeld der heimekontor er innført etter pålegg frå myndigheitene. Avtale om heimekontor er basert på friviljugskap, og det er ikkje tilfelle ved pålegg som til dømes under pandemien.

Til innhaldet i ein avtale vil VLFK syne til påpeikinga frå KS om at det er innanfor arbeidsgivars styringsrett å fastsette føresegn om utstyr, drift og vedlikehald mm. Der er difor ikkje nødvendig å regulere i eigen avtale, men kan vere praktisk for at ordninga skal vere føreseieleg for begge partar.

2.3. Om arbeidsmiljøet – forskrifta § 3

Erfaringar med bruk av heimekontor er både positive og negative. Av dei negative effektar av heimekontor vert det meldt om auka grad av opplevd isolasjon, manglande tilhøyrsle og at det sosiale samspelet er vekke som begge har betydning for trivsel og arbeidsglede. Det er difor ei viktig presisering når departementet foreslår at arbeidsgivar skal forsikre seg om at det psykososiale arbeidsmiljøet er ivaretatt.

Sjå nærmare i punkt 1 om merknader frå VLFK om behovet for ei kartlegging og ei evt regulering av korleis det i praksis kan vere mogleg å ivareta arbeidsmiljøet. VLFK er einig med KS om at det bør vurderast om det skal vere ein forsterka aktivitetsplikt for arbeidstakar som nyttar heimekontor med omsyn til å ivareta eige arbeidsmiljø.

2.4. Om arbeidstid – forskrifta § 6

Departementet har beden om innspel med omsyn til regulering av arbeidstid. VLFK har innført fleksibel arbeidstidsordning for «kontoradministrasjonen». Fylkeskommunen fann ikkje grunnlag for at ikkje ordninga òg skulle gjelde for tilsette på heimekontor. Arbeid frå heimen er tillitsbasert. Erfaringane so langt er positive og det er ikkje grunnlag for å hevde at ordninga blir misbrukt. Det syner all leveranse som ikkje har gått ned, men snarare auke under tida med pandemi. Utfordringa kan vere å sikre at den enkelte passar på å ha nødvending balanse mellom arbeids- og fritid.

Om § 6 fortsett vil ha same ordlyd som no støttar VLFK difor KS sitt forslag om at det bør føyast til ei «evt» avtale om arbeidstid i avtalen, jamfør § 2 i forskrifta slik at det er opning for anna avtale ved behov.

2.5. Arbeidstilsynet sin kompetanse – forskrifta § 7

VLFK er einig med KS om at det bør føyast til ei setning om at Arbeidstilsynet ikkje har tilgang til arbeidstakar sin heim utan etter særskilt avtale.

Utfordringa ligg vel så mykje på kva Arbeidstilsynet skal føre tilsyn med. På kva slags måte skal arbeidsgivar ivareta eit forsvarleg arbeidsmiljø no når heimekontor blir den «nye normalen». Det er det springande punktet og som høyringsnotatet i liten grad omtalar. VLFK har forventingar om at mellom anna studien frå Oslo Met kan gje oss nokre funn som syner kva innretning på varetaking av arbeidsmiljøet på heimekontor bør ha.

Det stilles krav til leiare på ein helt anna måte enn det dagens leiare er budd på med mange tilsette på heimekontor. Dette må òg inngå i det arbeidet som bør gjerast framover.

VLFK vil i denne samanhengen syne til at fylkeskommunane har tatt eit felles initiativ for å utvikle beste praksis, metodar, verktøy oa til bruk i arbeidet med utviklinga av framtidas arbeidsplassar.