Høringssvar fra Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus

Dato: 15.12.2020

Høring - forslag til endringer i forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram – vaksinasjon mot covid-19 - høyringsvar frå Helse Bergen

Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus støttar Helse- og omsorgsdepartementet sitt utgangspunkt om at det er nødvendig at Norge lukkast med covid-19-vaksinasjonen slik at rett person får rett vaksine og dose til rett tid, og at dette blir dokumentert i e-helsesystema. Fastlegane bør involverast i dette arbeidet, og kommunane må involvere fastlegane i å utforme plan for vaksinasjon. Det er sannsynleg føremålstenleg å pålegge fastlegane plikt til deltaking i covid-19-vaksineringa i forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram, slik at kommunane ikkje kvar for seg må forhandle og inngå avtaler med sine fastlegar om deltaking. Samstundes må kommunane ta hovudansvaret for at innbyggjarane blir vaksinerte, og at samarbeidet med fastlegane blir godt. Med den mykje omtala fastlegekrisa, med sviktande rekruttering til fastlegestillingar sjølv i by-kommunar som Bergen, er det grenser for kor mange oppgåver fastlegane kan klare.

Helse Bergen er òg oppteken av godt samarbeid med fastlegane når det gjeld covid-19-vaksinering. I dei tilfella pasientar skal tilbydast vaksine medan dei er i kontakt med spesialisthelsetenesta, er det viktig at det ikkje glipp i vekslinga mellom fastlegetenesta og spesialisthelsetenesta. Det må difor etablerast gode løysingar for registrering og rapportering av vaksinasjon på individnivå i dei ulike e-helsesystema, inkl. SYSVAK-registeret.

Marta Ebbing, fagdirektør

Stig Harthug, seksjonsleiar Pasienttryggleik