Høringssvar fra Kvam herad

Dato: 14.12.2020

Det er etter mitt syn uheldig og tungvint at ein først innfører ein eigen takst for fastlegane i samband med sesonginfluensa vaksineringa og no med endringa i forskriften endrar dette til at kommunane skal dekka fastlegane sine utgifter. Den siste løysinga er tungvint og krev meir administrativt arbeid både for fastlegane og kommunane. Etter mitt syn bør ein vidareføra taksten som fastlegane kan krevja frå HELFO.