Høringssvar fra Tore Kvinlaug

Dato: 15.12.2020

NEI, eg er imot tvangsvaksinasjon. Det skal vera frivillig om ein vil vaksinera seg mot Covid-19 og andre influensasjukdommar.

Me har det siste året lært at god hygiene er forebyggjande. Me har òg lært at ein skal halda seg heime når ein kjenner seg dårleg, ikkje springa på jobb og smitta ut heile arbeidsstokken. Dette er små tiltak med stor verknad.

Me har enno svineinfluensavaksinen friskt i minne. Fleire vart alvorleg sjuke etter å ha teke vaksina. Kona til ein god ven av meg slit med alvorleg søvnapne etter at ho tok vaksinen. Eg ynskjer ikkje slike tilstandar ein gong til.

Om Noreg innfører tvangsvaksine, er ikkje steget langt til å bli eit diktatur. Det er det ingen som ynskjer. Eg tek gjerne vaksine , men ikkje under tvang. Lat no for all del fastlegen min sleppa den belastninga det er å måtta vera diktaturets forlenga arm.