Høringssvar fra Stranda Kommune

Dato: 15.12.2020

Kommuneoverlegen i Stranda kan ikkje sjå at forslaget til midertidig endring i Nasjonalt vaksinasjonsprogram på vesentleg måte bryt med innarbeidd og velfungerande praksis for ansvars og arbeidsdelinga mellom kommunen og fastlegane vi har hatt her i Stranda i mange år.

Her er det kotyme at fastlegane tilbyr sesonginfluensavaksine og følger opp «sine» pasientar i risikogruppene.

Men OBS fastlegane sitt arbeide er eit supplement og tillegg til dei store kommunale vaksinasjonsdagane og vaksinering av pasientar og personell innanfor helse og omsorg utført av andre yrkesgrupper. Så det vil, i alle fall her i Stranda, slett ikkje vere snakk om at fastlegane skal overta ansvaret for gjennomføringa av CoVid-19 vaksineringa men vere særs viktige bidragsytarar i gjennomføringa. Det er openbart at CoVid-19 vaksinering blir ei stor, men tidsavgrensa ekstrabelastning på fastlegane til likes med heile den kommunale helseteneste.

  • Fastlegane og deira vikarar, må målretta gå over sine pasientlister og kvalitetssikre at pasientar i risikogruppe 18-64 år og i prioriteringsgruppene blir kontakta og får tilbod om vaksine. I legevaktsamanheng vil også fastlegane og legevaktlegar få meirarbeid for å vurdere og rapportere biverknadar av vaksinen.
  • Det er heldigvis lagt opp til nasjonale prioriteringskriterier ut frå aldersgrupper over 65 år. For aldersgruppe 18-64 skal fastlegane lage uttrekk av pasientar som oppfyller nasjonale risiko-kriterier. Dette baserer seg på objektive diagnosekriterier nedfellt i journal og helsedata for vedkomande. Fastlegane vil difor, etter kommuneoverlegen sin vurdering, heldigvis vere rimeleg godt skjerma frå å måtte foreta individuelle prioriteringar.

Fastlegane sin medverknad skal nedfellast i ei anna hastesak: å utarbeide kommunal plan for gjennomføringa av CoVid-19 vaksinering i Stranda. Frist 18.12.202

Arne Gotteberg Stranda 15.12.2020

Kommuneoverlege i Stranda