Høringssvar fra Øyvind T. Eliassen

Dato: 15.12.2020

Forslaget må avvisast. Både forslaget, og også styresmaktene sine planar om massevaksinering av folket, kanskje til og med tvangsvaksinering slik Preben Aavitsland i eit internt notat er kjelde på er diskutert, må avvisast.

Det er ein rekkje gode årsaker til at forslaget må avvisast, og ingen gode årsaker til at det skal vedtakast.

Forslaget som ligg føre søkjer å innføre tvang av fastlækjarar til å vere med å gjennomføre vaksinasjon av pasientane sine. Her er eit utvald sitat:

- «Fastlegen skal følge kommunens vaksinasjonsplan, den prioriterings-rekkefølge for covid-19-vaksinasjon som fastsettes av nasjonale helsemyndigheter og de til enhver tid øvrige gjeldende retningslinjer for hvordan vaksinasjon skal gjennomføres.».

Vaksinasjonsplanane til styresmaktene går for raskt, men likevel ikkje raskare enn vi veit alt no at massevaksinering mot SARS-CoV-2/Covid-19 er eit feilval.

Ankepunkta mot forslaget om å innføre tvangstiltak mot fastlækjarar kan delast i ulike kategoriar, og her er ein summarisk eksemplifisering

Vaksinane:

Vaksinane er mangelfullt uttesta, vaksinedataene er ikkje fagfellevurdert men snarare publiserte som pressemeldingar, og dei er såleis eksperimentelle og uvitenskapelege. Vaksinane har gen-modifiserande verknad i den vaksinerte organismen, og slik gen-modifikasjonseffekt medfører risiko for uoversiktlege, fatale utfall.

Medisinar-etisk:

Primum non nocereFyrst av alt, å ikkje skade. Å avstå frå å gjere skade kan ein på langt nær ikkje forvente ved massevaksinering med ein eksperimentell, uvitenskapeleg vaksine. Å tvinge ein lækjar til å gjere dette vil vere å tvinge lækjaren til å bryte lækjar-etikken.

Virustesten:

Polymerase Chain Reaction-testen (PCR) er upåliteleg, og det er denne som vert brukt verda over for å påvise om ein person er smitta av SARS-CoV-2. Skaparen av PCR-testen, Kary Mullis, var heilt frå starten av klar på at testen er ueigna til klinisk testing. Mullis fekk i 1993 Nobelprisen for oppfinninga av PCR-teknikken. Ein portugisisk domstol har avsagt dom på at PCR-testen er upåliteleg. Testen er ifølgje smitteekspert dr. Anthony Fauci heilt upåliteleg ved meir enn 35 doblingsforsterkings-syklusar, og likevel vert det anbefalt at laboratoriane køyrer 40 eller fleire syklusar. I Noreg brukar ein 40 syklusar? Geit, vaktlar og papaya-frukt testar positivt (Zimbabwe). Coca Cola testar positivt (nyleg demonstrert i det austerrikske parlamentet av generalsekretær Michael Schnedlitz).

Sjukdomen:

Overlevelsesraten vedk SARS-CoV-2/ Covid-19 er på omlag 99,88 %. Gjennomsnittsalder for registrerte avlidne er 82+ år. Pandemien var i hovudsak over i Noreg i mai-juni 2020, med få eller ingen sjuke og døde etter det.

Politisk:

Pandemi-definisjonen hjå WHO vart endra i mai 2009 til å ikkje lenger innehalde noko krav til antal døde for WHO å kunne erklære pandemi. Pandemi-erklæring frå WHO utløyser som kjent automatiske kjøpsplikter av store mengder vaksiner og andre farmasøytiske medikament for mange nasjonar, som er økonomisk lukrativt for farmasi-industrien. Det er som kjent samrøre mellom WHO og legemiddelindustrien. Stiftar av Cochrane-instituttet, Dr. Peter C. Gøtzsche, har publisert mykje dokumentasjon av legemiddelindustrien som ein organisert, kriminell organisasjon.

Det er norske styresmakter som har bevisbyrden når dei stengjer ned landet, og der har styresmaktene feila. Det er lite og ingenting att av saka med omsyn til gyldig bakgrunn for nedstenging av Noreg. Kun strafferegimet står at som ein realitet.

Sjå elles m.a.:

- The Great Barrington Declaration

- Swiss Policy Research, Facts about Covid-19