Høringssvar fra Åse Evebø

Dato: 13.12.2020

Ut frå ny forskriftsendring får legane plikt til å bidra med vaksinering. Dei mest sårbare pasientane er den primære gruppa for vaksinering. I og med at regjeringa legg opp til dette som ei massevaksinering av befolkninga, så er informert samtykke viktig. Den einskilde lege og helsepersonell som deltek i vaksineringa må ha gode kunnskapar om virkningane av vaksina. Det er viktig å informere om at vaksina maskerer symptom, utan å stoppe smitte. Det har vore alvorlege bivirkningar i samband med testing av vaksina. Den inneheld stoffet PEGyalin, som kan gje alvorlege immunreaksjonar. Dei som er mest utsette for slike reaksjonar er dei som over tid har tatt tablettar for t.d. angina, høgt blodtrykk, diabetes, demens, migrene, antipsykotika, depresjon, insomnia, revmatisme m.m. Det er difor svært viktig at regjeringa sørger for at alle fastlegar og helsepersonell er godt informert om dette, og at det blir tatt omsyn til og sett av tid til observasjon av pasientar i etterkant av vaksineringa.

Ut frå ny forskriftsendring blir legane pliktige til å fylgje regjeringa sine retningslinjer til eikvar tid, og dette må vere med forbehold om at regjeringa sine retningslinjer aldri skal innbefatte tvangsvaksinering, og at det heile tida skal vere eit frivilleg valg frå den enkelte å ta ei slik vaksine eller ikkje.