Høringssvar fra Sunnfjord kommune ved kommuneoverlegen

Dato: 14.12.2020

Sunnfjord kommune har 4 legekontor, der det største (Førde Legesenter) er blant landets største fastlegepraksiser med 15 heimler.

Fastlegane vil bli involvert i prioriteringsarbeidet. Vaksinasjonsarbeidet avheng noko av kva type vaksine vi får. Pfizer-vaksina vurderer vi som best egna nytta i massevaksinasjon etter innkalling. Andre vaksiner med bedre toleranse for lagring i kjøleskap kan vere aktuelle å nytte og på fastlegekontor etter innkalling. Vi nytter Helseboka si løysing for timebestilling etter innkalling, men det vil truleg og krevje eit større manuelt arbeide å sikre at alle innbyggarar har fått informasjon og får bekrefta eller avslått tilbodet om vaksinasjon. I ein massevaksinasjonssituasjon vil dette arbeidet bli utført av anna personell enn fastlegane. Om vi får vaksiner som er betre egna til bruk på fastlegekontora, er det mogleg at dette arbeidet i større grad kan gjerast av kvar fastlege. Samstundes må vi sikre at dei vanlege fastlegeoppgåvene vert ivaretatt, og den ressursen fastlegane kan vere inn i dette arbeidet må nyttast med omhu og godt avklart med fastlegekollegiet.

Vi ser i all hovudsak forslag til midlertidig endring av forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram som fornuftig innretta. Det er positivt at fastlegane kan krevje takster direkte frå HELFO. Det verkar unødig byråkratisk at kommunane skal dekke denne utgifta til HELFO for så å få dekt sine utgifter frå staten.