Høringssvar fra Ingvar Åberge

Dato: 15.12.2020

Eg takkar for høvet eg som lekmann har fått til å delta i denne høyringa via Internett.

På Island sist vår var eg personleg vitne til at dei på 40-50 dagar greidde å stansa eit koronautbrot som per innbyggjar var større enn her i landet. Dei sette inn full kraft på smittevernet rett før palmehelga, og det meste av smitten var borte i midten av mai. Mot slutten av mai gjekk talet på nye påviste tilfelle per dag ned mot null.

Koronaepidemien kan og bør stansast ved andre metodar enn vaksine. Ein av grunnane til det, er at det framleis er stor uvisse om kor god immumitet dei ulike vaksinane som hittil er utvikla gjev. Det er ikkje ein gong visse om at gjennomgått infeksjon gjev full immumitet.

Den einaste måten me som samfunn kan verta fri koronaviruset vil vera å hindra at nye individ vert smitta. For å oppnå det, må testing, smittesporing og isolering av smitta personar må vera så effektive at R til ei kvar tid er godt under 1. Samtidig må me ha tilfredsstillande grensekontroll mot alle risikoland for å hindra importsmitte. På den måten vil smitten etter kvart verta utrydda hjå oss og i andre land som gjennomfører same tiltak.

Dersom fastlegane skal involverast i å oppspora vaksinekandidatar, vil det leggja eit press på pasientane for å ta ein vaksine som det ikkje er sikkert at dei vil ha nytte av. Gitt dette, og gitt at me som land og som verdssamfunn allikevel neppe kan avslutta pandemien utan ved vel gjennomført smittevern, vil det vera ein fordel om denne forskrifta ikkje vert innført.

Det er også stilt spørsmål ved tryggleiken til dei vaksinane som er utvikla hittil, mellom anna fordi tida for uttesting er for kort. Dei fastlegane som måtte vera uroa over dette, vil uunngåeleg koma i ein samvitskonflikt, gitt den føreslegne forskrifta. Dette er også ein grunn til ikkje å innføra forskrifta.