Høringssvar fra IKA Kongsberg
Høyringssvar frå IKA Kongsberg - endringer i offentleglova m.m. - unntak fra innsyn i journalinnføringer som gjelder organinterne dokumenter
(Høyringssvaret ligg også ved som dokument i pdf-versjon)
I høyringsnotatet frå Justis- og beredskapsdepartementet er det framlegg om endringar både i offentleglova, offentlegforskrifta og arkivforskrifta. IKA Kongsberg vil ikkje kommentere kvart enkelt framlegg i høyringsnotatet. Alle forslaga medfører innskrenkingar av demokratiske rettar og tilgjenge til offentlege dokument, og det kan vi ikkje støtte.
IKA Kongsberg ser alvorleg på Justisdepartementet sitt ynskje om å svekke innbyggjarane sine rettar til fordel for ein meir avslappa arbeidskvardag i forvaltninga. God forvaltningsskikk tilseier at forvaltninga skal vere sakleg, open og serviceinnstilt. Departementet sitt ynskje om å prioritere «den frie, interne meningsutvekslingen i organet» høgare enn innbyggjarane sin rett til innsyn, synleggjer ei utvikling vi ikkje likar.
Vi meiner at konsekvensen av å gjennomføre endringsforslaga gjer at det vil finnast mindre tilgjengeleg dokumentasjon av offentleg verksemd. Dette bryt med med offentlegheitsprinsippet og med kjerneverksemda til kommunearkivinstitusjonane. Endringane er dermed av ein slik art at vi prinsipielt ikkje kan godta nokon av forslaga.
Med vennlig hilsen
Wenche Risdal Lund
Daglig leder
Ole Stian Hovland
Spesialrådgiver