Forsiden

Høringssvar fra Kjølsdalen Montessoriskule SA

Høringssvar frå Kjølsdalen Montessoriskule - tidleg innsats

Dato: 20.09.2017

Svartype: Med merknad

Her følgjer høyringssvar frå Kjølsdalen Montessoriskule angåande tidleg innsats i skulen:

Generelt er vi ikkje nøgd med at høyringar på lovendringar som gjeld skule vert lagt inn i den perioden av kalendaråret som har minst aktivitet hjå fleire av dei utvala som bør få tid og rom til å kome med innspel (undervisningspersonell, foreldreråd, styret m.m.). Det burde vore lagt ut på høyring med opning og lukking av høyringa slik at det i størst grad låg innanfor skuleåret sine rammar.

Forslag til endringer i friskoleloven

Ny § 3-4b Tidleg innsats på 1. – 4. trinn:

Vi tek utgangspunkt i forslag til endringane i friskulelova. Vi meiner at ein konkretisering av plikten ikkje er naudsynt i eit eige nytt punkt. Vi har forståing for eit ønskje om vidare konkretisering, men finn at forslaget som no ligg som eit ekstra punkt i tillegg til eksisterande §3-4 vert både unødig supplerande og for lite konkret i forhold til intensjonen. Vi trur heller at ein presisering av (og då altså ein endring av) §3-4 der tidleg innsats, lærartettleik og elevar med svak dugleik alt er nemnt hadde vore meir hensiktsmessig. Ved å lage eit nytt punkt kan ein også i større grad bidra til å gjere skiljet mellom tilpassa opplæring og spesialundervisning meir uklart for dei utanfor skulen.

Eit forslag på nytt punkt er:

§ 3-4 Tilpassa opplæring og tidleg innsats.

Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven.

På 1. til 4. årstrinn skal skulen sørgje for at den tilpassa opplæringa i norsk eller samisk og matematikk mellom anna inneber særleg høg lærartettleik, og er særleg retta mot elevar med svak dugleik i lesing og rekning.  Skulen skal sørgje for at elevar frå 1. årstrinn av, som står i fare for å bli hengande etter i lesing, skriving eller rekning raskt får eigna intensiv opplæring innanfor dei kjende gruppesamansetningane eleven elles er ein del av. 

Ny § 3-6b

Når det gjeld forslag til nytt punkt § 3-6b så meiner vi som eining som driv etter lov om frittståande skular at denne er velkomen, men at den burde ha vore formulert slik at plikten forstås begge vegar. Vi har ikkje negative erfaringar frå eiga vertskommune, men det vil vel vere variasjonar innan grad og kvalitet på samarbeid mellom friskular og dei kommunale tenestene som forslaget inkluderar rundt om i dei kommunane som har friskular pr. i dag. Ja, friskulen skal samarbeide med relevante kommunale tenester slik det nye forslaget skisserer, men relevante kommunale tenester pliktar også å samarbeide med skular godkjent etter lov om frittståande skular på lik line som med skulane som driv offentleg i same kommune.

Vi meiner dette punktet bør inn som ny § 3-6a, då dette er ein plikt som inntreff oftare enn den som alt ligg inne i eksisterande § 3-6a om plikt til å delta i arbeidet med individuell plan, som då kan bli ny § 3-6b.

Forslag til tekst er frå vår side:

§ 3-6a Plikt til samarbeid

Skolen og relevante kommunale tenester skal samarbeide om vurdering og oppfølging av barn og unge med helsemessige, personlege, sosiale eller emosjonelle vanskar.