Forsiden

Høringssvar fra Øygarden kommune

Plikt til å tilby intensiv oplæring og plikt til fleirfagleg samarbeid

Dato: 15.09.2017

Svartype: Med merknad

Øygarden kommune støttar framlegget om å lovfesta plikta til å tilby intensiv opplæring på 1. til 4. trinn sjølv om ein finn at intensjonen med framlegget allereie er i vareteke i gjeldande regelverk. Eiin må vera merksam på at lovendringa som er føreslått kan gje skulane nye utfordringar knytt til tolking, ekstra sakshandsaming, internkontroll og moglege klagesaker, utan at kvaliteten på opplæringa treng å bli betre.

Kommunen støttar også framlegget om å lovfesta plikta til fleirfagleg samarbeid då dette vil føra til ei naturleg harmonisering av lovverket. Ein vil med dette tiltaket kunna sikra god førebygging og at skulane tidleg tek tak i m.a. sosiale og emosjonelle utfordringar som barn i skulealder slit med.

Vedlegg