Høringssvar fra Fylkestrafikksikringsutvalet i Hordaland

Dato: 06.06.2019

Svartype: Med merknad

Fylkestrafikksikringsutvalet i Hordaland (FTU Hordaland) viser til høyring om fråværsgrensa i vidaregåande skule og trafikkopplæring til førarkort klasse B.

Den norske trafikkopplæringa til førarkortet er eit vesentleg element i visjonen om null drepne og hardt skadde i trafikken (nullvisjonen), og eit viktig trafikksikringstiltak retta mot unge. Trafikkopplæringa er krevjande fordi klasserommet er «på hjul» i eit risikofylt miljø som krev full konsentrasjon både hjå lærar og elev. Det er derfor viktig at undervisninga skjer når både elev og lærar er utkvilt, og at opplæringa skjer i eit realistisk og variert trafikkmiljø.

Mange unge får førarkort medan dei er elevar i vidaregåande skule. For elevar som ynskjer å søkje læreplass vil påbegynt trafikkopplæring vere ein føremon før dei skal ut i læreplass. Det er derfor viktig med gode rammer rundt opplæringa.

Med bakgrunn i desse argumenta er FTU Hordaland einig i at delar av den obligatoriske trafikkopplæringa til førarkort må unntakast frå fraværsgrensa i vidaregåande skule. I tillegg til framlegget om 13 timar av tryggleikskurs på bane og veg, må også den praktiske førarprøven unntakast fråværsregelen.

Førarprøven er ein nødvendig offentleg eksamen som alle må gjennom om dei skal få førarrett. Førarprøvesensorane i Statens vegvesen har som mange andre offentlege tilsette ei fastsett arbeidstid som avgrensar rommet for gjennomføring av førarprøven til ordinær opningstid. Å ikkje innlemme førarprøven som unntak signaliserer at det må takast ut eit ugyldig fråvær for å få gjennomført ein offentleg eksamen, noko me meiner er uheldig.