Høringssvar fra Møre og Romsdal fylkeskommune

Dato: 07.04.2021

Vedtak i Fylkesutvalet - 22.03.2021

1. Møre og Romsdal fylkeskommune mener utvinning av havbunnsmineraler har potensial til å bli til en viktig, ny næring for Norge. Det er en forutsetning at utvinningen skjer uten å skade eller forringe miljø, marint biomangfold og sårbare og verdifulle områder. Konsekvensutredningen må derfor ta utgangspunkt i et sett av kriterier som legger dette til grunn.

2. Regionen har allereie stor aktivitet i og i nærleik til det aktuelle utgreiingsområdet gjennom forsyning til og drift av petroleumsverksemd i Norskehavet og fiskeriaktivitet. Dei maritime selskapa i regionen har kompetanse og teknologi som trengst i utvikling av denne nye næringa. Dette omfattar reiarlag, verft, tenesteleverandørar og utstyrsleverandørar til alle typar skip og fartøy, inkludert maritim teknologi til leiting og utvinning.

3. Møre og Romsdal fylkeskommune rår til at det i framlegg til utgreiingsprogram blir lagt særleg vekt på:

· Utgreiing av konsekvensane for miljø, marint biomangfold og behovet for å skjerme sårbare område. Dette er viktig for å sikre at ikkje miljø og verdiskaping frå marin verksemd og andre nye næringar i havrommet, blir skadelidande.

· Ressursvurdering og ressursanalyser som beskriv mogleg inntektsgrunnlag. Inntektsgrunnlag og berekning av økonomiske verdiar er ein føresetnad for næringsutvikling.

· Avdekke behovet for teknologiutvikling og involvere den maritime næringa. Nye skip skal byggast og utstyrast for leiting og drift. Dette må vere skip med smart teknologi og forventa låg- og nullutsleppsteknologi. Her ligg den maritime næringa i Møre og Romsdal allereie langt framme.

· Beskrive behovet og forventa krav til logistikk og basefasilitetar for undersøking og utvinning, forsyning, drift, vedlikehald og service, og forventa krav til anlegg for prosessering av mineraler på land.

· Samfunnsmessige verknader må viast stor merksemd. Her ligg store utviklingsmoglegheiter for maritim industri og kompetanseoverføring frå petroleumsindustrien, samt bruk av etablert baseinfrastruktur. Behov for kompetansebygging og fagutdanning for utvikling og drift av ei ny næring må beskrivast. I tillegg til verdiskaping, sysselsetting og involvering av bransjar er det og vesentleg at forventa krav til tilrettelegging av infrastruktur, slik som kraftforsyning mv til baser og prosessanlegg, blir omtalt.

· Det er behov for økonomiske incentiv gjennom mellom anna verkemiddelapparat og skatte- og avgiftssystemet for å styrke næringslivet sitt engasjement og deltaking. Det er viktig at Norge går føre og skaper insentiv og marknad for teknologiar og løysingar som kan gi den maritime sektoren konkurransefortrinn på ein global marknad. Maritim næring i Møre og Romsdal har kompetansen og teknologien, og treng ny aktivitet. Det er derfor viktig at det aktivt blir satsa på å dra nytte av og utvikle norsk kompetanse og teknologi i utvikling av ei ny havnæring.

· Møre og Romsdal fylkeskommune har bygd regional planstrategi rundt FN sine 17 berekraftsmål og finn det naturleg at programmet for konsekvensutgreiing også har desse måla som eit gjennomgåande perspektiv.

· I utgreiingane vil det og bli lagt vekt på moglege sambruksløysingar for å handtere marin forsøpling. Dette vil kunne gi store synergieffekter for ny industri.

4. Kristiansund er i dag logistikk og servicesenter for Norskehavet. Fylkeskommunen registrerer at utreiingsområdet for havbunnsmineraler strekker seg ut frå sjøareal der norsk petroleumsutvinning allereie i dag blir drifta gjennom base og operasjonelt senter i Kristiansund. Møre og Romsdal fylkeskommune finn det derfor naturleg at Kristiansund blir utgreidd som lokaliseringsstad for drift og forsyning i undersøking- og utvinningsfasen