Høringssvar fra Aurland hamnevesen KF

Dato: 31.08.2022

Høyringssvar – framlegg til lov om norske løns- og arbeidsvilkår på skip i norske farvatn og på norsk sokkel - frå Aurland hamnevesen KF

Vedteke i Aurland hamnestyre, sak 09/22, 30.08.2022.

Aurland hamnevesen KF er eit kommunalt føretak i Aurland kommune. Hamnevesenet er mest kjend for drifta av Flåm cruiseterminal, og passasjertrafikken til sjøs mellom Flåm og Gudvangen. Aurland er ein reiselivskommune, der cruisetrafikk utgjer ein viktig del av gjestegrunnlaget.

Aurland hamnevesen vil ikkje ta stilling til det prinsipielle ved om sjøfolk skal ha rett på norsk løn i norsk farvatn eller ikkje. Våre merknader gjeld den lovtekniske løysinga som er vald. Hamnevesenet ber om følgjande:

  • Innføring av § 6 i lovframlegget utsetjast inntil konsekvensane for landbasert næringsliv er tilstrekkeleg utgreidd.
  • Alternativt at den lovtekniske formuleringa basert på eit stoppeklokkeprinsipp om norske lønsvilkår skal gjelde eller ikkje gjelde vert endra, slik at ein unngår dei utilsikta konsekvensane dette medfører; konkurransevriding frå distriktet til kystbyane, lågare verdiskaping, og auka klimabelastning.

Den lovtekniske løysinga er eit stoppeklokkeprinsipp som avgjer om norske løns- og arbeidsvilkår skal gjelde eller ikkje gjelde. Cruiseverksemd er bemanningsintensivt, og norske lønsvilkår vil difor ha store kostnadsmessige konsekvensar for ein cruiseseilas. Dette incentiverer reiarlaga til å tilpasse seilasane, med raskare og kortare inn- og utseglingar frå grensa - og kortare opphald i hamn.

Inn- og utsegling til Flåm tek om lag 14 timar, medan inn- og utsegling til byane langs kysten tek om lag 2 timar. Dette inneber at val av Flåm, Geiranger, Eid, Olden, Eidfjord, Vik eller Skjolden som anløpshamn ofte vil utløyse krav om norske lønsvilkår, medan val av hamner langs kysten ikkje vil gjere det. Dette kjem på toppen av dei særskilde miljøkrava som er innført i vårt farvatn som allereie vrir trafikken bort herifrå til anna norsk farvatn.

Regelverket vil ha same konsekvens for hamner nord for Ålesund.

Stoppeklokkeprinsippet strir dessutan med dei langsiktige satsingane som er gjort både i Flåm og resten av Noreg – i høve å forme ei næring med lang liggetid i hamn med tilhøyrande høg lokal verdiskapingsdel.

Konsekvensar for landbasert næringsliv er gjennomgåande synt til som ikkje utgreidd i høyringsdokumenta. Men dette får store konsekvensar for landbasert næringsliv tilknytt cruisetrafikken i distrikta og bør difor utgreiiast.

Av utilsikta konsekvensar ved å incentivere til raskare inn- og utsegling er både auka CO2 utslepp og lokal luftureining som følgje av høgare drivstoffbruk. I tillegg får ein meir bølgjeerosjon i strandsona, noko som er eit problem i tronge fjordar.

Til sist verkar det ikkje å vere nokon samanheng mellom føremålet med regelverket, og framlegget i § 6. I høve den samfunnsøkonomiske analysen som er utført, vert det berekna at § 6 ikkje vil medføre at det vert fleire norske sjøfolk.