Høringssvar fra Legeforeningens Menneskerettighetsutvalg

Dato: 01.03.2022

Ad høyring om midlertidig heimel for pålegg om undersøking og tvangstesting for covid 19 mv.

Menneskerettsutvalet i Legeforeininga ønskjer å komme med følgande innspel:

Helsehjelp er basert på ein føresetnad om at pasienten ynskjer hjelp. Helsehjelp der pasienten sjølv ikkje er kompetent til å svare for om ho/han ønsker helsehjelp er regulert i pasient- og brukarrettighetslova (tvungen somatisk helsehjelp) og psykisk helsevernloven (tvungen psykisk helsehjelp).

Testing for covid-19 kan i nokre tilfelle være helsehjelp, men er ellers heimla i smittevernlova. Smittervernlova opnar for plikt til testing men då på grunn av omsyn til smittevern. Testing i.h.t. straffeprosesslova (§157) gjeld t.d. blodprøve der det er mistanke om straffbare tilhøve, t.d. promillekøyring.

Departementet skriv i innleiinga (s.2) at fråvær av heimel om tvang vil kunne føre til at utlendingar hindrar gjennomføring av et gyldig vedtak, og vidare at «dette strider mot den alminnelige rettsfølelsen og er skadelig for tilliten til innvandringspolitikken».

Departementet skriv gjennom saksframlegget og i lovteksten at «Undersøkelsen skal gjennomføres av lege eller annet kvalifisert helsepersonell. Undersøkelsen skal gjennomføres så skånsomt som mulig». Vidare skal resultatet av prøven (koronatesten) formidlast politiet og deretter utreisemynde/transportør/tredjepart.

Koronaprøve tas som hovudregel som PCR-test, i form av (djup) naseprøve og svelgprøve. Prøven er ubehageleg og framkallar brekningsrefleks hos mange. Å skulle ta prøven med tvang vil krevje fasthalding både av kropp og hovud, og vil være krenkande av individets integritet. I tillegg vil mange av «utlendingane» være menneske som ber med seg traume, og dermed er særleg sårbare. Legens plikt til fyrst å ta i vare pasienten, og denne sin tillit (teieplikta), er dermed begge brotne.

Departementet skriv vidare at erfaringar frå Danmark viser at trugsmål om tvangstesting gjer at dei fleste likevel tar prøven frivillig, og at tvang dermed sjeldan vil bli brukt. MRU meiner at å bruke legar og helsepersonell som trugsmål er eigna til å svekke tilliten til helsetenesta og legar.

Vi har ingen merknad til delane om elektronisk utveksling av dokument.

Avslutningsvis merker vi oss at det er ynskje om breiare heimel for tvangstesting, og håper høyringsrunden for dette blir betre og breiare.

Marit Halonen Christiansen

leiar av Menneskerettsutvalet i Legeforeininga