Høringssvar fra Tokke kommune

Dato: 22.04.2022

Tokke kommune støttar ei framleis ordning med at det blir gjort unntak på kravet om spesialisering i allmennmedisin for legar som tiltrer eit vikariat av inntil eit års varigheit. Rekruttering av fastlegar har dei siste åra vorte utfordrande, og det er ingen grunn til å tru at situasjonen blir annerleis den nærmaste tida. For å handtere ferieavvikling og eventuelt ei ny smittebølge, på ei forsvarleg måte er det naudsynt med gode tiltak som har god effekt og som kan avhjelpe kommunane. Ei slik ordning bør vurderes gjeras permanent ved ferieavvikling, der ein ikkje får tak i anna vikar. Ei slik ordning vil ikkje gå ut over kvaliteten i vesentlig grad, over ei kortare periode.

Ann Wraa

Kommunalsjef helse og omsorg

Tokke kommune