Høringssvar fra Håvard Kårstad

Dato: 01.08.2022

Vil rette oppmerksomheita til korleis dette vil påverke bedrifter og eigar av bedrifter innanfor reiselivet. Turisme og reiseliv går i sesongar, der for eksempel hyttar og båtar vert liggande ubrukt delar av året. Ein del bedrifter vil ha materiell og ein eigarstruktur som gjer at dei vert råka av denne endringa i skattlegging, som i praksis vil gjere det umulig å drive næring på den måten. Eksempelvis ei lita bedrift med ein eigar som eig båt og selg fisketurar og båtturar dei delane av året det er grunnlag for det. Dette vil ikkje lenger vere mogleg å drive med om det ikkje vert gjort endringar i forslaget.