Høringssvar fra Noregs Mållag
Høyringssvar endringsdirektivet til AMT-direktivet
Noregs Mållag takkar for høvet til å delta i høyring om gjennomføring av endringsdirektivet til AMT-direktivet.
Noregs Mållag har nokre overordna tilbakemeldingar til det som er framlagt frå departementet.
AMT-direktivet er, som Kulturdepartementet skriv i høyringsnotatet i kapittel 2.1, eit minimumsdirektiv, noko som gir medlemslanda høve til å utforme reglar overfor tilbydarane av audiovisuelle medietenester som er strengare og meir detaljerte enn grunnreglane i direktivet.
Det gir Kulturdepartementet høve til å stille strengare krav til aktørane når det gjeld tilrettelegginga av teksting og lydtekst for den norske marknaden, enn det som opphaveleg ligg inne i minimumsdirektivet.
Noregs Mållag saknar eit sterkare språkpolitisk fokus på dette feltet, og me ønskjer betre språkpolitisk styring. Intensjonen med AMT-direktivet er, ifølgje høyringsnotatet, mellom anna å fremje kulturelt mangfald. Språk er i høgste grad kultur, men verken norsk språk generelt eller nynorsk spesielt er nemnt i høyringsnotatet.
Noregs Mållag meiner norske styresmakter skal krevje at aktørane i strøymemarknaden tilbyr teksting og lydtekst på både nynorsk og bokmål. Både i produksjonar som er norskspråklege, og i produksjonar som ikkje er norskspråklege. Målet med teksting og lydtekst er å legge til rette for menneske med ulike funksjonsnedsettingar som hindrar dei i å høyre eller lese tekst. Det er også eit verktøy for dei som treng omsetjing frå eit anna språk til norsk. Å tilby teksting på begge dei norske språka er universell utforming som tar omsyn til både dei som har nynorsk og dei som har bokmål som førstespråket sitt.
Noregs Mållag har inga meining om finansieringsmodellane som blir skisserte i kapittel 12.6. Vi meiner likevel det er rimeleg å stille krav om ein viss andel norske produksjonar frå tilbydarane av audiovisuelle medietenester. Om ein stiller krav til norske produksjonar, er det også rimeleg å stille krav til at undertekstinga skal vere tilgjengeleg på begge dei jamstilte norske skriftspråka.
Det er for lite nynorsk i norsk media, og nynorsk er så og seie fråverande hos dei internasjonale aktørane som strøymer til den norske marknaden. Noregs Mållag minner om føremålsparagrafen i lov om språk (språklova) som gjeld frå 1. januar i år: «Føremålet med lova er å styrkje norsk språk, slik at det blir sikra som eit samfunnsberande språk som skal kunne nyttast på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet i Noreg», og særleg tillegget om «å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket». Gjennom å styrke posisjonen til nynorsk i AMT-direktivet, vil Kulturdepartementet bidra til å oppfylle føremålet i lova departementet sjølv har utarbeidd.