Forsiden

Høringssvar fra Sokndal kommune

Dato: 08.02.2020

Sokndal kommune gir følgjande innspel på høyringa :

  1. Støtte til plan om auking av utdanningskapasitet og fokus på primærhelse som praksisarena.
  2. Støtte til utvikling av at Universitetet i Stavanger vert tildelt gradsrettigheiter og at det vert etablert ein midlertidig studiemodell der fyrste del vert tatt ved utanlandsk universitet.

Dette høyringssvaret er også støtta av fastlegane i kommunen.

Dei siste åra og i åra som kjem ser me at stadig nye oppgåver vert lagt til kommunane og fastlegetenesta. Eldrebølga medfører auka kompleksitet i primærhelsetenesta. Den varsla satsinga på meir pasientnær behandling seier oss at denne utviklinga ikkje vil flata ut.

Behovet for legar med god kjennskap til norsk primærhelseteneste er allereie stort og me støttar fullt ut satsing på auke i nasjonal utdanningskapasitet og i særleg grad med fokus på praksis frå primærhelsetenestene. Me støttar difor fullt ut utvalet si anbefaling om auke av studieplasser og fokus på tilrettelegging for praksis i kommunane.

Når det gjeld utvalet sine tilrådingar om å ikkje tildela gradsrettigheitar til nye Universitet finn me denne vanskeleg å støtta. Me vil peika på deler av utvalet ( Braut, Emmerson og Farbu) sine uttaler vedrørande dette. Det vert halde fram at dei eksisterande universiteta har store utfordringar knytt til fysisk kapasitet for å ta imot fleire studentar. Det bør difor leggjast til rette for utvikling av eit fullverdig utdanningstilbod på eit femte universitet.

Helse Stavanger/Universitetssjukehuset i Stavanger har ein demografi som vil gjera regelmessig praksis i kommunane enkel å gjennomføra. Det har vore fleire dialogmøter med UiS/Helse Stavanger/kommunane om utnytting av fagleg kompetanse i kommunane i utvikling av ein utdanningsmodell med sterkare fokus på primærhelse. Sokndal kommune er svært motivert for å ta del i denne modellen.

Ein modell der studentar blir tatt opp og starter studiet i Bergen vil gjera at det går ei tid før ein kan ta i bruk ein gradert modell. Med ein overgangsordning der studentar frå utlandet kan søkja seg inn på siste del av studiet ved UiS vil ein raskare få auka utdanningskapasiteten og framskunda utviklingsarbeidet.

Rogalandsområdet er ein region med mange ressursar og vil ha gode muligheiter for å utvikla eit nytt fagleg miljø med utgangspunkt i det aukande forskingsmiljøet på primærhelse som er i utvikling. Alt ligg godt til rette for å utvikla eit fagmiljø med eit større fokus på primærhelse og forsking på dette feltet. Ved å satsa bare på dei eksisterande profesjonsutdanninga vil ein ikkje på same måte oppnå nytenking og nyvinning. Et viktig element er og at regionen per no har færre statlege arbeidsplasser enn resten av landet.