Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Høringssvar fra Akademiet for yngre forskere

Dato: 06.02.2020

Svar til forslag for særfinansiering av utsette humaniorafag

Frå Akademiet for yngre forskere (https://akademietforyngreforskere.no/)

Akademiet for yngre forskere (AYF) ser det som ei styrke at beredskapsordninga som ekspertgruppa føreslår legg hovudansvaret for dette på universiteta og høgskulane sjølve. Samstundes trur me ikkje at denne beredskapsordninga gir dei føreseielege rammene for vidare drift og utvikling av små og utsette fag som Humaniorameldinga (2017) spør etter. Gruppa si situasjonsanalyse, nemleg at «ingen fag er nedleggingstruet» (s. 17), er ei optimistisk tolking av stoda i dag, og me skulle sett at fleire modellar var vurderte, t.d. eit nordisk samarbeid. Trygge, langsiktige rammer er òg naudsynte for å sikre rekrutteringa til faga, ei utfordring som gruppa heller ikkje tek opp i rapporten.

Beredskap for utsette fag

Prinsippa bak gruppa sitt forslag med ei beredskapsordning, heller ein ei fast, sentralt styrt prioriteringsordning, er gode. Den plasserer ansvaret for fagtradisjon og undervisingsportefølje først og fremst hjå institusjonane sjølve, og syner til samtalar med dekanat som er medvite dette ansvaret. Vidare peikar gruppa på nytten av eit nasjonalt råd for å drøfte faglege og samfunnsmessige mål med mindre humaniorafag i Noreg, og AYF er samde i potensialet som ligg i ein slik arena. Me er derimot ikkje samde i gruppa si situasjonsanalyse, og trur difor ikkje ei beredskapsordning vil gi dei stabile og føreseielege vilkåra for mindre humaniorafag som Humaniorameldinga søkjer.

Situasjonen i dag

Ekspertgruppa legg til grunn ein definisjon som gjer at ingen fag er nedleggingstruga i dag, og at sektoren sjølv seier at ein ikkje har planar om å legge ned mindre fag. AYF meiner at det i denne situasjonsanalysen er fleire uromoment gruppa unnlet å nemne.

For det første peiker dei på at norsk UH-sektor ikkje krympar og det difor ikkje er fare for nedlegging av fagtilbod lik den me har sett i våre nordiske naboland. Samstundes er det eit vedvarande sentraliserings- og innsparingspress òg i den norske UH-sektoren, m.a. gjennom regjeringa sine årlege ostehøvelkutt, som fleire institusjonar har byrja åtvare kan gå på undervisingstilbodet laus. Forsikringane frå noverande fakultetsleiingar om å oppretthalde fagtilbod er ikkje bindande og me har ingen garanti for at det vil vare. Eit konkret døme på at den institusjonelle støtta ikkje er så sterk som det vert uttrykt i rapporten er den pågåande nedbygginga/nedlegginga av Det norske instituttet i Athen. Dette er eit viktig senter for arkeologi, klassiske fag og historie i Noreg, som no er truga fordi UiT, NTNU og UiO har trekt seg frå samarbeidet om dette (https://universitas.no/debatt/66554/emner-som-har-vart-grunnstotter-i-vestlig-dannelse/?fbclid=IwAR2Nd8GxiOFyh1djzZAoxvjUKBHTfVNUV2IijQmNE85IUY4hWfDMVbSUr0o)

For det andre skriv ekspertgruppa at det per i dag ikkje er utsette humaniorafag, ut i frå deira definisjon. Me er ikkje sikre på at situasjonen er så stabil som denne definisjonen tilseier. I rapporten sitt vedlegg med oversikt over mindre humaniorafag er det fleire som berre vert tilbydd ved ein institusjon, og dersom me samanliknar med oversikta over språkfag ved norske universitet i 2009 (s. 41) er det her ei rekke fag som me ikkje finn att i dagens studietilbod. Rapporten nemner MF vitskaplege høgskule sitt samarbeid med eit privat institutt som eit døme på at klassiske fag lev godt i Noreg i dag (s. 12), men nemner ikkje at dette er ei ordning som nettopp får øyremerka midlar over statsbudsjettet for å oppretthalde studiar i klassiske og semittiske språk (https://www.philology.no/mf), etter at fagmiljøa ved dei større, offentlege universiteta har blitt eller er i ferd med å bli bygde ned.

Eit anna fagfelt me kan peike på er kunsthistorie om norsk mellomalder, kor kompetanse på stavkyrkjer høyrer under. Rapporten nemner kulturminne og stadnamn når den drøftar samfunnsbehov (s. 11-12), og finn levedyktige miljø knytt til dette, men når det gjeld norsk mellomalderkunst, og derunder stavkyrkjer, er det berre to faste tilsette som arbeider med dette: ein på NTNU og ein på MF (tilsett i ei kyrkjehistorie-stilling). Den tidlegare stillinga ved UiO vart ikkje oppretthalden når innehavaren slutta, på grunn av instituttet sin økonomi. Ekspertgruppa peiker sjølv mot kontroversen omkring nedbygginga av teatervitskap ved UiO og UiB for nokre år sidan, der eit anna norsk fagmiljø igjen har blitt klart redusert. Det er riktig, som rapporten seier, at det ikkje er kultur for å bygge ned fag ved oppseiingar (s. 6), men døma over syner korleis fag vert bygd ned ved at stillingar forsvinn når dåverande innehavar forlet dei.

Rekruttering

Dei siste åra har me sett at norske miljø innanfor desse små og utsette faga kan ha stort gjennomslag i internasjonal forsking og sikre store forskingsprosjekt, som så slit med å rekruttere kvalifiserte fagfolk til prosjekta fordi karrierevegen vidare etter prosjektet er høgst usikker. Fråværet av fagpersonar i faste stillingar medverkar til nedbygginga av fagmiljø- og kompetanse, som i sin tur gjer faget eller disiplinen mindre attraktiv for yngre forskarar og dermed skapar ein sjølvforsterkande effekt. AYF meiner ikkje at desse rekrutteringsutfordringane for små og utsette humaniorafag er godt nok belyst og evaluert i rapporten.

Innovasjon og internasjonalisering

Ekspertgruppa etterspør ved fleire høve innovasjon i faga, og eit døme på nyskaping og på nordisk samarbeid innanfor mindre humaniorafag kom i 2009 med det religionshistoriske masterprogrammet Religious Roots of Europe (http://religious-studies.net/). Dette starta gjennom Nordic Masters-ordninga til nordisk ministerråd, og drog på kompetanse frå seks nordiske universitet for å tilby ei ny, spesialisert utdanning som kvart einskilde universitet, eller land, ikkje ville kunne støtte på eiga hand.

Trass gode evalueringar og solid gjennomstrøyming har tre universitet til no trekt seg frå samarbeidet (Bergen, Helsinki og Århus) fordi programmet ikkje treff minstetalet for studentopptak som universitetsleiinga sentralt har sett. Dette er sjølvsagt eit døme med mange eigne aspekt, men det syner korleis fagleg innovasjon som i utgangspunktet er vellukka likevel er utsett når ei ny universitets- eller fakultetsleiing skal straumlinjeforme og spisse undervisingsportefølja. Og sjølv om UH-sektoren i Noreg ikkje krympar no, så er krava om spissing og straumlinjeforming absolutt til stades.

Breiare utgreiing

Ekspertgruppa skriv at dei har «vurdert ulike modeller» (s. 1), men rapporten syner ikkje til andre løysingar enn dei tre som gruppa presenterer på side 14-15. Gruppa har tydeleg sett seg inn i den danske småfagsordninga, og deira vurdering (og fråråding) av den verkar fornuftig. AYF meiner at ein likevel må sjå vidare enn til Danmark og hente inn erfaringar frå andre land og andre ordningar. Humaniorameldinga syner til dømes til samarbeid på nordisk nivå som ein mogleg veg vidare (s. 35), og der er gjort forsøk på dette gjennom ordninga Nordic Masters, til dømes Religious Roots of Europe. AYF meiner at fleire ordningar og/eller erfaringar burde vore utgreia til denne rapporten.

Til toppen